Image
Vulkanutbrot på Eyjafjallajökull på Island i 2010.
Foto av vulkanutbrot.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0
Image

Røyk stig opp frå vulkanen Popocatépetl i Mexico.

Foto av vulkanen Popocatépet.
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Vulkan er ei opning i jordskorpa der det av og til kjem ut magma og gass. Magma er smelta stein inni Jorda.

Magma som strøymer ut på overflata blir kalla lava. Ordet vulkan kan bety opninga i jordskorpa, men det kan òg bety fjellet rundt opninga.

Vulkanutbrot

Eit vulkanutbrot er når lava strøymer ut frå opninga. Vulkanutbrot kan ofte likne på eksplosjonar. Lava strøymer ut frå éi eller fleire opningar i vulkanen. Opninga i ein vulkan blir kalla eit krater. Eit krater har vanlegvis ein fasong som liknar ei trakt eller ei gryte.

Når det er store vulkanutbrot, blir det kasta oske langt opp i atmosfæren. All oska kan gjere at solnedgangen over heile Jorda ser ekstra raud ut. Vulkansk oske kan sveve langt av garde. I Noreg har ein funne oske i bakken som kjem frå store vulkanutbrot på Island.

Kvileperiodar

Tida mellom vulkanutbrot blir kalla kvileperiode. Men sjølv om ein vulkan er i ein kvileperiode, strøymer det ofte gass ut av han.

Etna er den høgaste vulkanen i Europa. Den ligg på øya Sicilia i Italia. Frå Etna strøymer det kvart år ut omtrent 25 millionar tonn karbondioksid (CO2).

Katastrofar

Vulkanutbrot har ført til mange store katastrofar. Menneska som er i nærleiken av eit vulkanutbrot blir vanlegvis ikkje drepne av lavaen. Han renn så sakte at dei som regel rekk å rømme. Den største faren er jordskjelv, flaumar og skred som ofte kjem i samband med vulkanutbrot. Gassen kan òg vere farleg å puste inn.

Vulkanar i Noreg

På fastlandet i Noreg finst det ingen aktive vulkanar. Den tredje største vulkanen i Europa ligg på øya Jan Mayen, som er norsk. Jan Mayen ligg langt ute i havet, mellom Island og Svalbard.

Vulkanar utanfor Jorda

Månen fanst det aktive vulkanar for 3–3,5 milliardar år sidan. Desse kan ein sjå spor av. Også på andre månar og planetar i solsystemet finst det vulkanar. Nokre av desse er aktive.

Den største vulkanen i heile solsystemet heiter Olympus Mons og ligg på Mars. Den er 25 kilometer høg, men han er ikkje aktiv no.

Venus finst det spor av fleire vulkanar enn nokon annan stad i solsystemet: meir enn 1600 store og mange mindre. Men heller ikkje på Venus finst det vulkanar som er aktive no.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Image
Torgeir Opeland Røthe
Førsteamanuensis i kvartærgeologi, Høgskulen på Vestlandet