Hopp til innhald

Blackburn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blackburn
by
Image
Land Image England
Region Lancashire
Distrikt Blackburn with Darwen
Areal 24,5 km²
Folketal 117 963 (2011)
Postnummer BB1–BB2
Retningsnummer 01254
Kart
Blackburn
53°44′42″N 2°28′37″W / 53.7449°N 2.4769°W / 53.7449; -2.4769
Wikimedia Commons: Blackburn

Blackburn er ein by i Lancashire i England, 35 km nordvest for Manchester. Han er administrasjonsby for den sameinte styresmakta Blackburn with Darwen og har kring 120 000 innbyggjarar.

Blackburn ligg på det store kolfeltet vest for Penninane og var under den industrielle revolusjonen var Blackburn eit sentrum for tekstilindustrien. Spinnemaskinen vart oppfunnen her i 1764. I dag har byen eit tekstilmuseum. Industrien er i dag meir allsidig.

I dag er han kanskje mest kjend som heimstaden til Blackburn Rovers FC. Byen vart nemnd av The Beatles i songen «A Day in the Life». John Lennon hadde fått auge på ein artikkel i Daily Mail om at ein skulle fylle alle hola i asfalten på gatene til byen, og dermed skreiv han linja «I read the news today. Oh, boy. 4000 holes in Blackburn Lancashire». Dette har gjeve namn til den uoffisielle fanzinen, til fotballklubben, 4000 Holes.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Image Commons har multimedium som gjeld: Blackburn