Hopp til innhald

Harwich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harwich
by
Image
Land Image England
Region Essex
Distrikt Tendring
Folketal 17 684 (2011)[1]
Grunnlagd 1100-talet
Postnummer CO12
Retningsnummer 0 1255
Kart
Harwich
51°56′40″N 1°17′18″E / 51.944444444444°N 1.2883333333333°E / 51.944444444444; 1.2883333333333
Wikimedia Commons: Harwich

Harwich er ein hamneby i Essex i England. Han ligg på Nordsjøkysten, med havet mot aust, i distriktet Tendring. Dei næraste byane er Felixstowe i nordaust, Ipswich i nordvest og Colchester i sørvest. Ein meiner at byen vart grunnlagt på midten av 1100-talet.

Posisjonen ved utløpa av elvane Stour og Orwell og det at Harwich er den einaste sikre hamna mellom Themsen og Humber tyder at han lenge har vore ein viktig stad for sjøfarande, både sivile og militære. Byen vart sterkt befesta, med fort og batteri. Royal Navy har ikkje lenger nokon base i Harwich.

Blant kjende personar med tilknyting til Harwich finn ein Samuel Pepys som var parlamentsmedlem for byen, og Christopher Jones som åtte ein fjerdedel av skipet «Mayflower»; Harwich var heimehamna til det kjende skipet.

Det er regelmessige ferjer frå Parkeston, som eigenleg er ein landsby rett utanfor Harwich, til Hoek van Holland i Nederland og til Esbjerg i Danmark.

I tillegg til at Parkeston hengjer saman med Harwich har byen òg vakse saman med Dovercourt, og ein refererer ofte kollektivt til dei som Harwich.

Electric Palace Cinema er ein av dei eldste kinoane som er bygd spesielt for formålet. Det originale prosjektorrommet og den ornamentale fasaden er verna.

  1. «Key Statistics»; utgjevar: Office for National Statistics; avsnitt, vers eller paragraf: Table KS101EW (Usual resident population) and Table KS105EW (Household composition); vitjingsdato: 23. juni 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Image Commons har multimedium som gjeld: Harwich