Faktaboks

Marco Rubio

Marco Antonio Rubio

Fødd
28. mai 1971, Miami, USA
Mann held tale med amerikansk flagg i bakgrunnen.
Marco Rubio på talarstolen under eit besøk til Equador i september 2025.
Foto av Marco Rubio
Av /Agencia Press South/Getty Images.

Marco Rubio er ein amerikansk politikar som er utanriksminister i USA frå 2025.

Rubio voks opp i delstaten Florida. I åra 2000–2008 var han medlem av delstaten si lovgjevande forsamling, og dei to siste åra av denne perioden var han leiar for republikanarane i den lovgjevande forsamlinga. I 2010 vart Rubio vald inn i Senatet for Florida. Han vann attval både i 2016 og 2022, før han i 2025 vart utanriksminister i president Donald Trumps regjering.

Bakgrunn

Foreldra til Marco Rubio emigrerte frå Cuba til USA i 1956, og dei vart amerikanske statsborgarar i 1975. Rubio tok ein bachelorgrad i statsvitskap ved University of Florida i 1993 og vart deretter utdanna jurist ved University of Miami School of Law i 1996. I 2000 vart han vald inn i delstaten si lovgjevande forsamling.

Parallelt med den politiske karrieren heldt Rubio fram med å arbeide som advokat i Miami, før han i 2010 vart oppmoda til å stille som kandidat til Senatet i Washington, D.C. Han vann posten som ein del av Tea party-rørsla, og vart samstundes sett på som ein frontfigur for ein ny generasjon republikanske politikarar.

Presidentkandidat

I 2015 stilte Rubio som presidentkandidat for republikanarane, men tapte mot Donald Trump som seinare vart president. I primærvalkampen hadde dei to fleire skarpe ordvekslingar.

Rubio stilte på nytt til val som senator i 2016 og igjen i 2022. Han vann begge vala, og i denne perioden gjekk Rubio frå å vere ein motstandar av Trump til å bli ein støttespelar for presidenten.

Utanriksminister

Som senator sat Rubio mellom anna i komiteen for utanrikspolitikk i Washington, D.C., og etter at Trump vann presidentvalet i 2024, vart Rubio nominert til posten som USAs utanriksminister.

Rubio har tidlegare vore ein talsmann for intervensjonisme med bruk av det amerikanske militæret, men dette vart etter kvart tona ned.

I tillegg til posten som utanriksminister og mellombels leiar for USAID før det vart lagt ned, har Rubio òg vore Trumps nasjonale tryggleiksrådgjevar.

Rubio hadde òg ei sentral rolle i planlegginga av den særlege militære operasjonen i og rundt Venezuela, der president Nicolás Maduro vart teken til fange av spesialstyrkar og frakta til USA.

Rubio har teke til orde for ei diplomatisk løysing framfor bruk av militærmakt når det gjeld Trump-administrasjonen si interesse for Grønland.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg