Fakerten er eit dialektalt banneord. Det er i bruk på Vestlandet, hovudsakleg i Hordaland, men også dokumentert i Rogaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Ordet er ein variant av fanden, og brukast for å uttrykke harme, for å forsterke eller for å vise sjokk. Det er vanleg å setje fy framfor ordet: fy fakerten. Fakerten blir som regel oppfatta som svak banning.

Variantar av fakerten er fakeren, fakelen og faken.

Eksempler

Sitata er eksempel på autentisk bruk. Der ikkje anna er oppgitt, er dei henta frå VGs debattsider (1999–2022) og norske diskusjonsforum og debattsider på internett gjennom Språkbanken.

Fakerten

  • «Akkurat det kan me fakerten ikkje ha någe av!»
  • «Kanskje ikkje akkurat som Guinness International Champions Cup-prestisje, men fakerten ikkje langt unna.»
  • «Fy fakerten så tøft det såg ut!»

Fakeren

  • «Fakeren veit» (Ingvald Forsberg, Det nye riket)
  • «Gje deg fakern opp i skolen» (Lars Berg, Kvinna og Havet)

Fakelen (eigeform: fakels)

  • «Ja, fakelen veit kva han er.»
  • «Den fakels Kari, fakels kvinnfolk»
  • «Desse fakels treskoene» (Jens Tvedt, Vanheppa)

Faken

  • «Faken heller»

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg