Image
IKO - Kyrkjeleg pedagogisk senter.

Den kristne fastetida er ei førebuingstid til påska. Ho blir innleidd med oskeonsdag (onsdag etter fastelavn) og varar i 40 dagar fram til påske, det vil seie til og med påskeaftan.

Fastetida blir fastlagd i forhold til påska, noko som er bestemt av korleis vårjamdøgn og fullmåne fell i forhold til kvarandre. Det tidlegaste fasta kan byrje er 4. februar, det seinaste er 10. mars. Fastetida har seks sundagar, fyrste til femte sundag i fastetida og palmesundag.

Lengda i tida peikar tilbake til forteljinga om Jesu freisting i ørkenen, som varte i 40 døgn ifylgje Matteusevangeliet kapittel 4, vers 2. Sundagstekstane i fastetida handlar for ein stor del om den kristen sin kamp mot djevelen og dei vonde maktene, og var opphavleg berekna på dei som skulle døypast i påska.

Katolsk faste inneber at ein et vesentleg mindre enn ein pleier, og at ein lèt vere å ete kjøt. I den ortodokse kyrkja er det viktig å fylgje fasteforskriftene til kyrkja, som ikkje berre forbyr kjøt, men også fisk. I dei protestantiske kyrkjene er faste inga religiøs plikt, men ulike former for faste kan praktiserast frivillig.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg