Hopp til innhald

Interregnum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Interregnum (latin for 'mellomregjering') er tidsrommet mellom eit statsoverhovud går av eller døyr og ein etterfølgjar tek over.[1]

I arvekongedøme blir trona vanlegvis overført frå monarken til den utpeikte arvingen så snart denne døyr, og interregnum finst i prinsippet ikkje. Valkongedøme kan ha interregnum medan ein vel ein ny monark, men ein kan unngå dei ved å velja ein tronfølgjar før den sitjande monarken døyr.[2]

Det tysk-romerske riket hadde «det store interregnumet» frå 1254 til 1273, då det ikkje var noko ålment anerkjend statoverhovud i denne perioden.[1]

I norsk historie dei siste hundreåra har det vore vanleg at ein ny monark overtek trona i same augneblink som den føre døyr, men i mellomalderen og tidleg nytid var interregnum vanlege, som frå Kristian I døydde i 1481 til Hans blei teken som konge i 1483.

I dansk historie var det lengste interregnumet «den kongelause tida» frå 1332, då Kristoffer II døydde til 1340 då Valdemar Atterdag blei vald til konge.

Etter at Frederik I av Danmark-Noreg døydde i 1533 braut Grevefeiden ut, og Fredrik I blei fyrst godteken som konge i 1536 i Danmark og 1537 i Noreg.

Vatikanstaten har ei form for interregnum mellom pavevala, men tida blir berre kalle dette om ho trekk ut i tid. Dersom valprosessen finn stad innan rimeleg tid blir perioden berre kalla sede vacante, ‘ledig sete’. I ein slik periode fell dei fleste ordinære styrefunksjonar bort, og berre eit minimalt forvaltningsapparat er i funksjon.

  1. 1 2 «interregnum». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018.
  2. «interregnum - Den kongeløse tid - I dansk historie», Lex (på dansk), 27. november 2025, henta 24. mai 2026