Hopp til innhald

Irish Singles Chart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Irish Singles Chart (irsk Cairt Singil na hÉireann) er den offisielle hitlista over strøyma, nedlasta og selde musikksinglar i Irland kvar veke. Lista blir offentleggjord ein gong i veka av interesseorganisasjonen Irish Recorded Music Association (IRMA) . Lista blir sett saman av Official Charts Company på vegner av IRMA.[1] Kvar liste blir offentleggjord fredag kl. 12.00 og byggjer på sal og strøyming dei sju dagane før. Den fyrste singelista blei offentleggjord 1. oktober 1962 og var ei liste over dei ti mest selde singlane den føre veka.[2]

Den fyrste lista blei kringkasta på RTÉ 1. oktober 1962.[3] Før dette hadde irske singellister blitt trykte i avisa Evening Herald sidan 1959, men denne lista er ikkje anerkjend som ei offisiell singelliste.[4] Fram til 1972 blei singellistene utarbeidde ved at utvalde plateforretningar ringte inn salstala sine for den aktuelle veka. Frå 1975 til 1977 blei lista sett saman ut frå stemmane til lesarar av avisa Evening Herald. Det var òg ei eiga liste for irske musikarar og ei for utanlandske artistar i desse åra. I 1977 blei lista igjen basert på platesal frå musikkutgjevarar og platebutikkar.

I 1992 blei lista berre utarbeidd på grunnlag av platesal etter at IFPI og Irish Recorded Music Association (IRMA) inngjekk ei avtale med marknadsundersøkingsselskapet Gallup. Selskapet installerte eigne datasystem i 60 platebutikkar som registrerte platesalet. I 2006 blei òg digitale nedlastingar tekne med på lista. I 2014 byrja lista omfatta musikkstrøyming, og i 2018 rekna ho også med strøyming av musikkvideoar.[5]

Framleis sender radiokanalen RTÉ 2fm topp 30-lista i The National Chart Show kvar fredag frå 20.00 til 22.00.[6]

  1. «Official Irish Singles Chart Top 50 | Official Charts Company». www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 25. desember 2018.
  2. «Rules for Chart Eligibility for the IRMA Official Charts – Singles» (PDF). IRMA. 5. september 2018. Henta 25. desember 2018.
  3. «The Irish Charts - All there is to know». www.irishcharts.ie. Henta 25. desember 2018.
  4. «The Irish Charts - All there is to know». www.irishcharts.ie. Arkivert frå originalen 12. februar 2015. Henta 25. desember 2018.
  5. «The history of the Official Irish Charts». www.officialcharts.com (på engelsk). 19. juli 2018. Henta 3. august 2019.
  6. «The National Chart Show with Bláthnaid Treacy - RTÉ 2FM». RTÉ 2FM (på engelsk). Arkivert frå originalen 26. desember 2018. Henta 25. desember 2018.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]