WestLB
Utsjånad
| WestLB | |||
| | |||
| | |||
| Skipa | 1969 | ||
|---|---|---|---|
| Nedlagd | 30. juni 2012 | ||
| Hovudkontor | Düsseldorf | ||
| Land | Tyskland | ||
| Nettstad | http://www.portigon.com/ | ||
WestLB AG var ein europeisk handelsbank basert i Düsseldorf i Tyskland. Han var delvis eigd av den tyske delstaten Nordrhein-Westfalen. Bokstavane LB i namnet står for Landesbank. Landesbanken er ei gruppe statseigde bankar i Tyskland. Dei er regionalt organiserte og driv hovudsakleg med bankverksemd. WestLB var derimot ikkje lenger ein Landesbank, og heitte tidlegare Westdeutsche Landesbank.
Baken vart oppretta 1. januar 1969. Den totale omsetjinga til gruppa er €288,1 mrd. den 31. desember 2008[1] med operasjonar i elleve land i Europa, seks land i Amerika, seks land i Asia, Australia og Sør-Afrika, inkludert store investeringar i New York, London, Luxembourg, Tokyo og Hong Kong.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «WestLB» frå Wikipedia på engelsk, den 13. august 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 16. april 2009, henta 13. august 2011
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 16. april 2009, henta 13. august 2011
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell heimeside Arkivert 1998-06-25 ved Wayback Machine. (engelsk)
- Offisiell heimeside Arkivert 2006-02-21 ved Wayback Machine. (tysk)