Adonis er ein ung mann i gresk mytologi. Han blir skildra som svært vakker.
Adonis
Guden Adonis blir ofte framstilt som ein vakker, ung mann.
Av
Bertel Thorvaldsen/Thorvaldsens Museum.
Lisens:
Falle i det fri (Public domain)
Familien til Adonis
Vasar og annan keramikk fra antikken blei ofte pynta med motiv frå dei greske mytane. Det er viktige kjelder for å lære om gresk mytologi. På denne vasen er den forelska Afrodite og Adonis avbilda.
Vase med Adonis og Afrodite, ca. 410 fvt.
Av
Aison - Jastrow/Louvre.
Lisens:
Falle i det fri (Public domain)
Adonis og gudinnene
Både Afrodite og Persefone blir forelska i den vakre Adonis.
Adonis er så vakker at to gudinner blir forelska i han og byrjar å krangle. Då grip Zevs inn og bestemmer at Adonis skal dele året inn i tre periodar.
- Den første perioden er han hos Persefone. Ho er gudinne i dødsriket.
- Den andre perioden er han hos Afrodite. Ho er gudinne for kjærleik og fruktbarheit.
- Den tredje perioden får han bestemme over sjølv.
Når Adonis er saman med Afrodite, vaknar naturen til live. Alt veks og gror. Når han er saman med Persefone, visnar og døyr alle vekstar.
Adonisfesten
Kvar vår vart det halde ein stor fest i Hellas og Midtausten. Den vart kalla Adonisfesten.