Abonnement er ein avtale om at ein får levert ei vare eller teneste fleire gonger.
Personen som får noko levert, blir kalla abonnent. Å ha eit abonnement heiter å abonnere. Den som leverer vara eller tenesta, blir kalla leverandør.
Ein kan til dømes abonnere på ei bestemd avis eller ei matkasse, som ein då får levert regelmessig heim til seg. Ein kan òg abonnere på å strøyme filmar, seriar, lydbøker eller musikk på internett. For å bruke telefonen treng ein òg ein type abonnement.