buskar med sjø i bakgrunnen

Dei grøne buskane i biletet er einer. Dei er døme på buskar med berre éi stamme. Framfor einerane er det små buskar med røsslyng. Slike små buskar vert kalla dvergbuskar.

Foto av kystlandskap
busk med nyper og blomer mellom runde steinar

Rynkerosar blir ofte store buskar som ikkje gjev plass til andre artar. Dette gjeld særleg langs kysten og ved strender. Rynkerose er ein framand art i norsk natur. Det betyr at det er forbode å plante ut desse buskane.

Busk er ei plante som veks med fleire harde stenglar opp av jorda. Stenglane er harde, som stenglane hos tre. Dei blir kalla vedaktige. Når stenglane til ei plante er vedaktige, vert dei kalla for stammar.

Hos buskar er det ofte ingen hovudstamme, slik som på tre. Alle stammane kan vera omtrent like tjukke og lange.

Typar

Buskar lever i meir enn eitt år. Difor vert dei kalla fleirårige. Nokre buskar er høge, medan andre kan vera veldig små. Røsslyng er ein veldig liten busk. Slike små buskar heiter dvergbuskar. Nokre buskar har forveda stamme nedst, men grøn stengel øvst. Desse vert kalla halvbuskar. Bringebær er eit eksempel på ein halvbusk.

Buskar kan sjå ganske ulike ut. Nokre buskar har nåler, slik som einer. Mange buskar kan felle blada om hausten, slik som blåbær. Andre buskar kan halde på blada gjennom vinteren, til dømes tyttebær.

Buskar og tre

Buskar skil seg frå tre ved at buskane har meir enn ein stamme. Dessutan er buskane ofte lågare enn tre.

Det kan høyrast enkelt ut å sjå om noko er ein busk eller eit tre utifrå antal stammar og kor høg planta er. Men det er ikkje alltid så lett. Nokre tre kan ha fleire stammar, til dømes hassel. Og nokre buskar kan ha berre ei stamme, til dømes einer.

Bruk

Nokre buskar har fine blomar og vert dyrka i hagar, slik som rhododendron. Andre buskar vert dyrka for fruktene dei set. Rips, solbær og bringebær er døme på slike buskar.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Image
Unni Vik
Førsteamanuensis, Ph.d. i mikrobiell økologi, OsloMet – storbyuniversitetet