Energi er det som får noko til å skje. Energi kan til dømes få ei lyspære til å lyse, ein sjokolade til å smelte eller ein ball til å trille.
energi
Elektriske bilar får energi frå elektrisitet.
Ulike typar energi
Bruk
Både dyr og menneske treng energi for å leve. Dyr og menneske treng til dømes energi til å bevege seg og til å tenkje. Dyr og menneske får energien sin frå mat.
Plantar treng òg energi for å leve. Plantar får energien sin frå lys.
Maskiner treng òg energi for å fungere. Mange maskiner får energien sin frå elektrisk straum, til dømes mobiltelefonar og elbilar.
To hovudtypar energi
Det finst to hovudtypar energi. Den eine typen blir kalla rørsleenergi, og den andre blir kalla stillingsenergi.
Alle ting som bevegar seg har rørsleenergi. Til dømes har eit barn som spring rørsleenergi.
Viss ein ting kan byrje å bevege seg når ein tek bort alt som er i vegen for han, har tingen stillingsenergi. Ein ball som ligg på eit bord, har stillingsenergi. Tyngdekrafta kan få ballen til å bevege seg viss nokon dyttar ballen utfor bordet. Dette er fordi ein då har fjerna bordet som var i vegen for ballen.
Alle typar energi er anten ein type rørsleenergi eller ein type stillingsenergi. Lydenergi er til dømes ein type rørsleenergi. Det er fordi lyd er luft som bevegar seg.
Energi kan ikkje forsvinne
Energi kan aldri forsvinne. Energi kan berre skifte form. Viss ein ball ligg på eit bord, har den stillingsenergien. Viss ein dyttar ballen utanfor kanten av bordet, vil ballen byrje å falle nedover. Då blir stillingsenergien som ballen hadde, til rørsleenergi.
Energi kan ikkje bli laga
Det er ikkje mogleg å lage energi. Men ein kan få ein type energi til å skifte form til ein annan type energi. Det kan vere lurt, fordi nokre typar energi er lettare å bruke enn andre. Det er til dømes lett å få maskiner til å gå på elektrisk energi. Men det er vanskeleg å få maskiner til å gå på rørsleenergi.
I Noreg får ein mykje elektrisk energi frå vasskraft. Vatn som fell ned ein foss har rørsleenergi. Eit vasskraftverk gjer om rørsleenergien til vatnet til elektrisk energi.
Energi blir målt i fleire ulike einingar, avhengig av samanhengen. Det er til dømes kilowattime og joule.