Nærbilde av Dalai lama som sitter på en stol i et vakkert dekorert tempel. Han er kledt i rød kjortel med gul kappe over.

Eit anna ord for guru er lama. Tenzin Gyatso er den 14. og noverande Dalai Lama. Han var tidlegare statsoverhovud i Tibet og viktig for det religiøse livet til tibetanarane.

Foto av den 14. Dalai Lama.
Av /AP.

Guru er ein rettleiar og lærar i indiske religionar. Ein guru blir rekna for å vite mykje om tema som livet, døden og verda. Guruen gjev kunnskap og rettleiing om dette til elevane (disiplane) sine.

I hinduismen og buddhismen er guruen ein heilag person. Hen får mykje respekt og er høgt æra. Nokre guruar har mange tilhengjarar. I buddhismen er Dalai Lama den mest kjende guruen. Dalai Lama betyr «store guru».

Tidlegare var det berre menn som kunne bli guruar. I hinduismen kan også kvinner bli det no.

I sikhisme er det ti historiske guruar. Dei formidla Guds sanning. Guru Granth Sahib er den heilage skrifta i sikhismen. Sikhane ser på boka som den siste og evige guruen, og den blir behandla med stor respekt.

I daglegtale

I daglegtale blir guru ofte brukt om ein ekspert eller ein person med stor kunnskap om noko. Til dømes kan nokon som kan mykje om IT bli kalla ein IT-guru. Ein som er god på løping kan bli kalla løpeguru. Ordet guru blir ofte brukt litt humoristisk.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Image
Margrethe Løøv
Førsteamanuensis i religionsvitenskap, NLA Høgskolen