Mange mennesker som er pyntet i lange kjoler, dress, bunad som går to og to gjennom en stor sal med store, flotte lysekroner som henger fra taket.

Polonese på Slottet under markeringa av hundreårsjubileet for Noregs sjølvstende, 28. november 2005

Foto av polonese på Slottet.
Av /NTB.

Polonese er ein type dans der eit opptog av par dansar eller går saman. Para samlar og delar seg til ulike formasjonar.

Polonese blir ofte brukt som opningsdans på ball eller andre store festar. Polonese blir òg brukt på store arrangement i Noreg, for eksempel skuleball.

Polonese er i stor grad ein sosial dans. Det betyr at ein dansar polonese saman med andre for å ha det kjekt.

Kjenneteikn

Noen mennesker har laget en tunnell av armene og andre dansere går under denne tunellen

I Polen er polonese ein av dei fem nasjonaldansane i landet. På biletet blir det dansa polonese i byen Szczecin under feiring av grunnlovsdagen 3. mai, 2009.

Fremst i toget av par er det eitt leiarpar. Dei vel kva formasjonar polonesen skal lage. Då må leiarparet ta omsyn til kor mange par som er med og kor stor plass dei har å danse på.

I ein polonese kan det vere alt frå nokre få til fleire hundre par.

Polonese består av enkle steg, og stega går ganske sakte. Ein treng heller ikkje forkunnskapar om dansen for å kunne vere med. Dette gjer polonese til ein inkluderande dans der nesten kven som helst kan vere med.

Det grunnleggande steget i polonese er å bøye det eine beinet og ta eit steg fram på det andre, og så ta to vanlege steg til. Ein annan vanleg formasjon er at dei fremste para løftar armane og dannar ein tunnel. Resten av opptoget går gjennom tunnelen. Så bygger dei vidare på tunnelen når dei har kome gjennom.

Polonese kan minne litt om ein marsj. Ein av forskjellane mellom polonese og marsj, er at takta er ulik. Polonese går i 3/4 takt, mens ein marsj går i 2/4 takt.

Antrekk

Polonese dansast ofte av gjestane på ball eller andre store arrangement. Der er gjestane ofte pent kledde. Ballkjolar og dressar er eksempel på pynta antrekk.

Polonese kan også dansast ute på gater eller andre stader. Då har ofte deltakarane på seg meir kvardagslege klede.

Historie

Polonese var først kjend som polonaise, det franske ordet for polonese. Polonese er opprinneleg ein polsk folkedans som blei brukt til staselege opptog av aristokratiet. Vanlege folk lærte gjerne å danse polonese på skulen eller i familien. Slik har polonese blitt vidareført frå generasjon til generasjon.

Polonese kom til Norden midt på 1800-talet.

I 2023 blei polonese lagt til på UNESCO si liste over kulturarv. Det betyr at polonese blir sett på som kultur det er viktig å ta vare på.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Image
Elizabeth Svarstad