Foto
Norsk kvit sau er den mest vanlege sauerasen i Noreg.
Sauar på beite i Gudbrandsdalen
Av /NTB.

Sau er pattedyr som blir halde som husdyr. Frå sau får ein kjøt og ull. Sauen er eit av dei eldste og vanlegaste husdyra i Noreg. Sauar beitar slik at opne landskap ikkje gror igjen.

Hannsauen blir kalla sauebukk eller vêr. Hosauen blir kalla søye. Ungane til sauen blir kalla lam.

Beskriving

Foto
Norsk pelssau er ein sauerase som har grå ull.
Sau på sommerbeite i Rondane
Av /NTB.

Sauar har kraftig kropp og tynne bein med klauver. Dei har lang eller kort hale og nokre har horn.

Kroppen er dekt av tett ull som vernar mot uvêr og kulde. Ulla er kvit, grå, svart eller brun. Ho kan vere einsfarga eller flekkete.

Sauar veg vanligvis mellom 40 og 120 kilo, med vekt på 50–70 kilo som det mest vanlege hos søyene. Kor store dei er og korleis dei ser ut varierer mellom rasane.

Alle norske sauar har eit merke i øyret som fortel kven som eig sauen.

Levevis

Sauen er sosial og lever i flokk med andre sauar. Flokken har vanlegvis ingen leiar.

Sauen er drøvtyggjar og et plantar, gras og blad. Ein drøvtyggjar et maten raskt og gulpar opp igjen ballar. Så tygg og svelgjer han ballane på nytt.

På sommaren går dei fleste sauar i Noreg fritt på beite i skogen eller fjellet. Om vinteren er dei fleste inne i fjøs. Sauane står saman i bingar. Bingane skal ha tørt og trekkfritt underlag, sidan sauane treng å liggje. Nokre sauerasar toler å gå ute heile året. Det gjer dei særleg på kysten av Vestlandet, der det ikkje er så kaldt om vinteren.

Formeiring

Foto
Ull frå sauar av rasen merino er mjukare enn ulla frå norske saueraser. Merino er det populært å lage klede av. Her er ein merinovêr, ein hannsau, på ei husdyrutstilling på New Zealand.
Foto av merinovær
Av /Shutterstock.

Sauane parar seg i desember. Søya går drektig i nesten fem månader og føder i april–mai. Ei søye kan få mellom eitt og fire lam, men det vanlegaste er to.

Når lammet er født, sleikjer mora det reint. Lammet reiser seg med éin gong, og drikk mjølk frå mora. Eit nyfødd lam har ikkje utvikla alle magane og drikk berre mjølk dei fyrste seks vekene.

Produkt frå sau

Image
For mange er det ein tradisjon å ete lammelår i påska.
Av /Matprat.

Kjøt og ull er dei viktigaste produkta frå sauen. Slaktinga skjer på hausten når sauane kjem tilbake frå beite. Det er flest lam som blir slakta.

Sauekjøt har lange tradisjonar i Noreg. Fårikål er ein populær middag og mange et pinnekjøt på julaftan. Sauekjøtet blir òg brukt i fårepølse og spekemat.

Sauen blir klipt om våren og hausten. Ein vaksen sau kan gje to kilo ull. Ulla blir sortert, pakka og send til fabrikkar. Der bli ulla vaska, farga og spunne til garn.

Sauar i Noreg

Sauen kom til Noreg for 5500 år sidan. Det er nærare ein million sauar i Noreg om vinteren. Om sommaren er det meir enn dobbelt så mange, etter at lamma er fødde.

Sauane blir delt i to rasar: langhala og korthala. Langhala sauerasar liknar mest på den fyrste sauen som kom til Noreg. Den vanlegaste sauen i Noreg er den korthala rasen Norsk kvit sau.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Image
Birger Svihus
Professor i ernæring, NMBU – Norges miljø- og biovitenskapelige universitet