Wicca er ei nyreligiøs rørsle som hentar inspirasjon frå religionar som fanst før kristendommen.
Tilhengarane av wicca driv mellom anna med ulike former for magi. Dei fleste kallar seg hekser. Wicca er eit gammalt engelsk ord for heks. Både menn og kvinner blir kalla heks i wicca.
Wicca blei grunnlagt i 1946 i England og har utvikla seg i mange ulike retningar. Wicca er ein del av den moderne hekserørsla.