Faktaboks

Christian Schmidt
Fødd
26. august 1957, Oberzenn i Mittelfranken
Image
Av /Bundesministerium für Ernährung und Landwirtschaft.

Christian Schmidt, tysk politikar for CSU. Medlem i den tyske forbundsdagen for Bayern.

Han er fødd og oppvaksen i Obernzenn i delstaten Bayern. Han er utdanna jurist og studerte ved Universitetet i Erlangen og i Lausanne. Alt i skoledagane vart han medlem av ungdomsorganisasjonen Junge Union. I 1990 vart han for første gong vald inn i forbundsdagen, der han framleis har plass. I åra 2005 og fram til han vart utnemnd til minister i desember 2013 var han statssekretær i forsvarsdepartementet. Han vart utnemndt til minister for landbruk og ernæring i Angela Merkels tredje regjering 2013-2018.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg