Image
«Armageddon», oljemaleri av Joseph Paul Pettit (1812–1882).
Av /York Art Gallery.
Image
Dokumentarfilmen Praying for Armageddon fra 2023 av den norske regissøren Tonje Hessen Schei gir eit innblikk i korleis førestillingar om Harmageddon pregar delar av den evangelikale kristendommen i USA.
Filmplakat
Av /Up North Film.

Harmageddon, også skrive Armageddon, er ifølge tolkingar av Johannes' openberring staden der det siste slaget mellom det gode og det vonde, mellom Gud og fiendane hans, vil gå føre seg. Ordet har i vanleg språkbruk blitt ei nemning for ein ekstra blodig eller omfattande krig. Sjølv om stadnamnet berre er nemnt i Johannes' openberring i Bibelen, har det spelt ei rolle både i kristendomshistoria og i allmennkulturen heilt fram til i dag, og særleg i ulike former for apokalyptisk tenking.

Faktaboks

Uttale

Harmageddon

Etymologi
etter eit hebraisk stadsnamn som tyder 'Megiddos fjell'
Også kjend som
Armageddon (på engelsk)

Bibelsk og historisk opphav

Ordet Harmageddon er brukt berre ein gong i Det nye testamentet, i Johannes' openberring 16,16: «Og dei [tre demoniske ånder] samla kongane på den staden som på hebraisk heiter Harmageddon.» Verset inngår i ei mytisk skildring av hendingar i dei siste tider (kapittel 15–16), der sju englar heller ut kvar si skål med straff frå Gud for vondskapen på Jorda. Verset innleier den sjuande og siste straffa og utgjer eit klimaks i teksta: Snart er tida inne for den endelege domen på «Guds, Den allmektiges store dag» (vers 14).

Skildringa spelar på forteljinga om dei ti landeplagene i Det gamle testamentet/Den hebraiske Bibelen (2. Mosebok kapittel 7–11). Johannes' openberring tolkar landeplagene i Egypt og Israelsfolket si redning frå egyptarane som ein parallell til og eit forvarsel på kyrkja og dei kristne sitt håp om frigjering frå Romerriket.

Ordet (på gresk 'Armagedôn) kjem truleg frå hebraisk Har-Megiddo («Megiddos fjell»), men det er uvisst kva for eit fjell som er meint. Megiddo var ein økonomisk og strategisk svært viktig by i oldtidas Israel og åstad for mange store slag. Etter cirka år 600 fvt. opplevde byen ei langvarig nedetid, men nyare arkeologiske utgravingar har avdekka restar av ein militærleir der. Det er sannsynleg at den sjette romerske legionen heldt til i Megiddo i tida cirka 66–135 evt., det vil seie i den perioden Johannes' openberring vart til.

Etterhistorie

Førestillinga om Harmageddon spela ei rolle i apokalyptisk tenking allereie i mellomalderen, men fekk eit oppsving i enkelte kristne rørsler i siste halvdel av 1800-talet. Spesielt viktig har denne tenkinga vore innan Jehovas vitner. Også innan evangelikal kristendom på 1970- og 1980-talet var mange opptekne av denne tanken. Eit eksempel på det er den mykje lesne boka til Hal Lindsey, The 1980's: Countdown to Armageddon (1980).

Med den aukande interessa i allmennkulturen for ulike domedag-scenario har tenkinga om Harmageddon fått stor utbreiing, særleg frå 1990-talet av. Fleire filmar hentar stoff frå dette, for eksempel den amerikanske Armageddon (1998) og videospelet Mortal Kombat: Armageddon (2006). Det er utgjeve fleire romanar, historier og teikneseriar med Harmageddon som tittel og tema. Sjølv om Harmageddon i Johannes' openberring ikkje utgjer den endelege slutten på historia, blir dette ofte i moderne fantasilitteratur forstått som verdas ende eller ein overgang til eit heilt anna tilvære.

Dokumentarfilmen «Praying for Armageddon» (2023) av den norske regissøren Tonje Hessen Schei gir eit innblikk i korleis førestillingar om Harmageddon pregar delar av den evangelikale kristendommen i USA.

Førestillingar om Harmageddon har òg fått nedslag i musikkverda, blant anna i namna til fleire tungrock-grupper, som det britiske Armageddon (på 1970-talet) og det svenske med same namn (frå 1997) samt som tittel på ei rekke musikkalbum og songar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Boxall, Ian (2006): The Revelation of Saint John.
  • Sagrusten, Hans Johan (2022): Johannes' openberring – ein samtidsvisjon.
  • Bibelselskapet (2024): Studiebibelen – nynorsk og bokmål.
  • Økland, Jorunn og Lyons, William John (red.) (2009): The Way the World Ends? The Apocalypse of John in Culture and Ideology.

Kommentarar (4)

skreiv David Olsen

Harmageddon er de vanlige norske formen. Den brukes både i Bibelselskapets oversettelse og i Godt nytt-Bibelen jeg har for hånden. Armageddon er den vanlige formen på engelsk.

svarte Kjell-Olav Hovde

Hei, og takk for innspill. Harmageddon er som du skriver den norske formen, så den må med. Men Armageddon er et langt vanligere søkeord, så vi legger inn Harmageddon som alternativ tittel.

skreiv Helge Kåre Fauskanger

"Ordets opprinnelse er usikker." Høh? Det bør ikke være spesielt kontroversielt at opphavet er den hebraiske frasen Har-Megiddo, Megiddos fjell.

Flere avgjørende slag ble utkjempet ved Megiddo, så Megiddo-fjellet (faktisk bare en haug) ble tydeligvis ansett som symbol eller faktisk slagmark for den store eskatologiske krigen på den siste dag.

svarte Mari Paus

Hei, Helge. Takk for innspillet! Jeg har skrevet inn etymologien. Artikkelen er merket med at den må gjennomgås av fagperson. Hilsen Mari i redaksjonen

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg