Nomenfrase er i grammatikk eit setningsledd der eit substantiv eller eit pronomen er det viktigaste leddet, anten aleine eller med tillegg. Viss substantivet eller pronomenet har eit tillegg, kan det kallast ein substantivfrase eller pronomenfrase.

Faktaboks

Uttale

nomen-frase

Her er nokre eksempel på nomenfrasar:

  • eit substantiv aleine: jenta, gutane
  • eit substantiv med eit determinativ føre: den jenta, desse gutane
  • eit substantiv med eit determinativ og eit adjektiv føre: den vesle jenta, dei store gutane
  • eit substantiv med ein preposisjonsfrase etter: jenta med flettene, guten i røyken
  • eit substantiv med ei relativsetning etter: jenta som eg møtte på torget
  • eit substantiv med eit determinativ og eit adjektiv føre og eit possessiv etter: den vesle jenta mi
  • eit pronomen aleine: ho, han, dei, eg
  • eit pronomen med ein preposisjonsfrase etter: ho med fletter

Struktur

Substantivet eller pronomenet kallar vi hovudet i nomenfrasen. Tillegga er adledd:

adledd hovud adledd
den vesle jenta med fletter
jenta som eg møtte på torget

Hovudet blir òg kalla kjerne eller overledd, medan adledda òg går under namn som attributt eller underledd.

Funksjonen til nomenfrasen

Ein nomenfrase kan mellom anna stå som subjekt eller objekt i ei setning, som her:

subjekt verbal objekt
Den tynne guten med blå skjorte likar steikt makrell

Nomenfrasen kan òg fungere som styring/utfylling i ein preposisjonsfrase:

preposisjon styring
i det vesle huset
med lange fletter

Meir om frasar

Ein frase er eitt eller fleire ord som tener som ei grammatisk eining, og som har eit hovud og eventuelle adledd. Her er eksempel på nokre frasetypar, der hovudet i eksempla står i kursiv:

  • adjektivfrase: redd; veldig redd; kjekk å ha
  • preposisjonsfrase: taket; i den gamle hagen
  • adverbfrase: ofte; ganske ofte

Ei frase kan ha ei anna frase som tener som ei grammatisk eining inni. Eit eksempel er preposisjonsfrasa «i den gamle hagen». Her er adleddet den gamle hagen ei nomenfrase, med hagen som hovud og den gamle som adledd.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg