Ola Bremnes er ein norsk musikar, forfattar og trubadur. Han har gitt ut ei rekkje album og har mellom anna tolka og sett nye melodiar til tekstar av Petter Dass.
Ola Bremnes
Faktaboks
Ola Martin Bremnes
- Fødd
- 18. april 1955, Svolvær i Vågan kommune, Nordland
Ola Bremnes er musikar og forfattar.
Bakgrunn
Ola Bremnes vaks opp i Svolvær i Nordland. Han er utdanna lærar med tilleggsutdanning i engelsk, og arbeidde som lærar i ti år, før musikken blei heiltidssyssel. Han er sonen til Ole H. Bremnes, broren til Kari Bremnes og Lars Bremnes, og faren til Inge Bremnes.
Musikkarriere
Den første plateinnspelinga, Folk i husan, kom i 1980. Teksten var skrive av faren Ole H. Bremnes. Saman med syskena Kari Bremnes og Lars Bremnes har han mellom anna gitt ut platene Ord fra en fjord (1992) og Soløye (2000).
Bremnes er kjend for tolkingane sine av tekstar av Petter Dass, som han òg har sett ny musikk til. Oppsetjinga Vær hilset! kom som plate i 1995 og har vore framført på ei rekkje festivalar. Melodien «Mi pia. Din gutt», frå albumet Livstegn (2004), det første soloalbumet hans, sette historisk rekord på Norsktoppen, med 95 veker på rad. Visa «Har du fyr» har vorte allemannseige gjennom nyinnspelinga til den nordnorske gruppa Hekla stålstrenga. Han har skrive tekstar og melodiar til fleire av platene til Kari Bremnes, mellom anna «E du nord» på albumet Og så kom resten av livet (2012).
Han har hatt tre andre store hits på Norsktoppen: «Grågåsa» (1992; saman med Lars og Kari), «Dudelidei» (2006) og «Kjære kvinne» (2006).
Forfattarkarriere
Bremnes har skrive fleire bøker. Nu vil vi legge ut (1983) og Jubel og sang (1997) inneheld salmar, songar og viser. Kirkemellom (2001) er ei vakker biletbok om nordnorske kyrkjebygg. I 2007 kom barneboka Trøbbel i trapesen. I På gyngende grunn. En reise med Hurtigruta (2019) skriv han om folk og stader som Hurtigruta reiser forbi. Bremnes skreiv oppvekstboka Når du går (2023) saman med Kari og Lars Bremnes. Han har òg medverka med tekstar til ei rekkje framsyningar.
Utmerkingar
Ola Bremnes fekk Spellemannprisen for Soløye, saman med Kari og Lars Bremnes, i 2000. Han har òg fått Blixprisen (1994), Nordlysprisen (2004) og Prøysenprisen (2009).
Albumdiskografi
- Folk i Husan ( 1980) med Kari Bremnes
- Mit navn er Petter Dass som boer ved Verdens Ende (1984) med Kari Bremnes
- Ord fra en fjord (1992) med Kari og Lars Bremnes
- Folk i Husan (1993) samleplate 1980–1982 med Kari Bremnes og Stiftelsen
- Der trollbåra bryt (1993) i samarbeid med Karl Erik Harr
- Vær hilset! (1995) med Bodø Domkor
- Mit navn er Petter Dass (1997)
- Så lenge scooter’n kan gå! (1997)
- Vi som bygge skip (1998)
- Soløye (2000) med Kari og Lars Bremnes
- Livstegn (2004)
- Gudene vet (2006)
- Hav av tid (2010)
- I det blå (2013)
- Molo (2015)
- Petters Poetiske Pulver (2017)
- Fly ned (2018)
- Vi som bygger skip (2018)
- Trur på januar (2020)
- På nord (2022)
- Stormtid (2022)
- Det som gjør at grønt e grønt (2024)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.