Faktaboks

Rolf Hammer
Rolf Henry Hammer
Fødd
6. november 1957, Orkdal
Død
17. april 1980, Oslo
Virke
målar
Familie

son av Ragnhild Edith Asphaug og Henry Torleiv Hammer

Rolf Hammer var ein norsk målar. Han døydde tidleg, men let likevel etter seg ein stor produksjon.

Liv og virke

Rolf Hammer gjekk på Kunstskolen i Trondheim mellom 1976 og 1979, under den norske målaren John Anton Risan og den svenske målaren Georg Suttner. Etterpå drog han til Oslo, der han var elev av målaren Ludvig Eikaas ved Statens Kunstakademi (1979–1980).

Hammer døydde berre 22 år gammal, men let etter seg ein stor produksjon av arbeid frå periodar prega av forskjellige uttrykksformer. Dei tidlegaste bilda hans var figurative; her viste Hammer blant anna at han var ein habil aktteiknar og portrettmålar.

Då han var elev av Risan og Suttner i Trondheim, konsentrerte han seg om det abstrakte formspråket, med sidestilte bildeelement, stort sett haldne i strenge gråtonar, men seinare òg i ein lysare og varmare fargeskala. Det siste intense arbeidsåret på kunstakademiet i Oslo måla han meir figurativt igjen, ofte med eit ekspressivt uttrykk og med enkelte innslag av surrealisme.

Utstillingar

  • Høstutstillingen, Oslo, 1979
  • sommarutstilling, Trondheim Kunstforening, 1979 (kollektivutstilling)
  • minneutstilling, Galleri Horneman, Trondheim, 1980 (separatutstilling)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Glenny Alfsen, «Rolf Hammer» i Norsk kunstnerleksikon, bind 2 (1983), Universitetsforlaget

Faktaboks

Rolf Hammer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg