BBC Proms
| BBC Proms | |||
| Land | Storbritannia | ||
|---|---|---|---|
| Type | musikkfestival, konsertserie | ||
| Nettstad | https://www.bbc.co.uk/proms | ||


BBC Proms (også The Proms, BBC Promenade Concerts eller The Sir Henry Wood Promenade Concerts presented by the BBC) er ein årleg, åtte veker lang sommar-konsertserie med klassisk musikk og andre framsyningar, hovudsakleg framført i Royal Albert Hall i South Kensington i London. Det blir også halde kammermusikkonsertar i Cadogan Hall og andre konsertar fleire stader i landet.[1][2] BBC Proms blir omtalt som den største festivalen for klassisk musikk i verda.[3][4]
Proms er ei forkorting for promenadekonsert, eit uttrykk som viser til at publikum promenerte, eller rusla rundt, i konsertsalen under konserten. Proms viser no til ståplassane i midten av konsertsalen, med lågare pris enn nummererte sete-plassar. Ståplassbillettar til einskildkonserter kan berre kjøpast på konsertdagen, noko som ofte fører til lange køar.
Det var blitt halde seriar med promenadekonsertar tidlegare, men den fyrste i denne rekkja av konsertar blei halden 10. august 1895 i Queen’s Hall ved Langham Place i London, arrangert av impresarioen Robert Newman.[5] Han ønskte å utvida konsertpublikummet ved å tilby låge billettprisar og ein uformell atmosfære der eting, drikking og røyking var tillate.
Dirigenten Henry Joseph Wood er den som er blitt tettast knytt til utviklinga av konsertane.[6][7] Han var dirigent allereie frå 1895, og framover mot 1920-åra var han ansvarleg for å utvida repertoaret frå enklare musikk til å også omfatta verk av samtidskomponistar som Claude Debussy, Richard Strauss og Ralph Vaughan Williams.
BBC tok over ansvaret for The Proms i 1927. Etter at BBC Symphony Orchestra blei skipa i 1930 har det vore hovudorkester ved konsertane.
Avslutningskonserten, som skil seg ut med ei rekkje festlege tradisjonar, er kjend som Last night of the proms og blir kringkasta til ulike land.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ - Proms Around the UK Events, BBC, 2024. BBC, 15. september 2024.
- ↑ - The BBC Proms 2024: Everything you need to know about the world’s greatest classical music festival, BBC Media Centre, 26 April 2024. BBC, 15. september 2024.
- ↑ Your guide to period-instrument performances at the BBC Proms 2026, Continuo Connect, 21. april 2026
- ↑ Evans, Evan (18. juli 2025), «All about The Proms Festival», Evan Evans Tours (på engelsk), henta 2. juni 2026
- ↑ Henry J. Wood, My Life of Music (Victor Gollancz, London, First edition 1938, cheap edition 1946), 1946, s. 68.
- ↑ Peter Mullen (21. juli 1995). «Everyone knows Henry Wood set up the Proms. But who remembers the man who hired him to do it?». The Independent (London). Arkivert frå originalen 18 June 2022. Henta 19. april 2009.
- ↑ John Smith (18. april 2010). «Encore for the Proms». Manchester Evening News. Henta 19. april 2009.
- Denne artikkelen bygger på «BBC Promenade Concerts» frå Wikipedia på bokmål, den 2. juni 2026.