Corbridge
Utsjånad
| Corbridge | |||
| by | |||
Marknadsplassen i Corbridge sentrum. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Nordaust-England | ||
| Fylke | Northumberland | ||
| Folketal | 3 560 (2021)[1] | ||
| Postnummer | NE45 | ||
| Retningsnummer | 0 1434 | ||
![]() Corbridge 54°58′30″N 2°01′01″W / 54.975°N 2.017°W | |||
| Wikimedia Commons: Corbridge | |||
Corbridge er ein by i grevskapet Northumberland i England. Han har kring 3500 innbyggjarar og ligg 26 km vest for Newcastle upon Tyne og 6 km aust for Hexham.
I Romersk Britannia var byen kjend som Corstopitum, Coriosopitum eller liknande. Tretavler funne ved den romerske festningen Vindolanda i nærleiken tyder på at han truleg blei kalla Coria, med tydinga ‘stammesenter’. Byen var den nordlegaste i Romarriket, på møtestaden mellom dei viktige romarvegane Stanegate og Dere Street.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Parish Profiles». Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Corbridge» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juli 2011.
