Hopp til innhald

Cromarty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cromarty
Cromba
landsby
Image
Land Image Skottland
Region Highland
Tradisjonelt grevskap Ross and Cromarty
Folketal 719 (2001)
Postnummer IV11
Retningsnummer 0 1381
Kart
Cromarty
57°40′54″N 4°02′13″W / 57.6816°N 4.03701°W / 57.6816; -4.03701
Wikimedia Commons: Cromarty

Cromarty (skotsk-gælisk Cromba) er ein landsby i regionen Highland i Skottland. Han har kring 700 innbyggjarar. Han har historisk status som kongeleg Burgh. Byen var hovudstad («County seat») for det tradisjonelle grevskapet Cromartyshire.

Image
Utsikt over fjorden og Cromarty.
Foto: Bob Jones

Cromarty ligg på nordaustkysten av Skottland, på sørsida av innløpet til Cromarty Firth frå Moray Firth. Invergordon ligg om lag sju kilometer lenger vest på andre sida av fjorden.

Det blir arrangert ein årleg filmfestival i Cromarty.[1]

I 1846 vart det bygd eit fyr ved Cromarty, tårnet er 13 meter høgt. Fyret vart automatisert i 1985, og sløkt i 2006.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Image Commons har multimedium som gjeld: Cromarty