Hopp til innhald

Drumnadrochit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drumnadrochit
Druim na Droichaid
landsby
Image
Frå Drumnadrochit
Land Image Skottland
Region Highland
Tradisjonelt grevskap Inverness
Folketal 1 101 (2011)
Postnummer IV63
Retningsnummer 0 1456
Kart
Drumnadrochit
57°20′14″N 4°28′48″W / 57.3373°N 4.48°W / 57.3373; -4.48
Wikimedia Commons: Drumnadrochit

Drumnadrochit (skotsk-gælisk Druim na Droichaid) er ein landsby i regionen Highland i Skottland. Han har kring 1 000 innbyggjarar og ligg ved Loch Ness, ved opninga av dalen Glenurquhart.

Image
Urquhart Castle og Loch Ness.

Turisme er ei viktig næring i landsbyen, og det er tre hotell der. Ein av dei største attraksjonane er Loch Ness og utflukter for å sjå etter sjøuhyret «Nessie». Like i nærleiken ligg slottsruinen Urquhart Castle som er ein av dei best vitja eigedomane ått av Historic Scotland.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Image Commons har multimedium som gjeld: Drumnadrochit