R101
| R101 | |
R101 på den fyrste dagen det flaug, 14. oktober 1929. | |
| Informasjon | |
|---|---|
| Produsentnamn | Royal Airship Works |
| Designa av | V.C. Richmond |
| Fyrste flyging | 14. oktober 1929[1] |
| Utfasa | 4. oktober 1930[2] |
| Status | Eskperimentelt luftskip |
| Einingspris | 711 595 pund[3] (45,04 millionar i 2019) |
| Spesifikasjonar | |
| Lengd | 236,8 m |
| Høgd | 42,67 m |
| Masse utan last | 116,857 kg |
| | |

Luftskipet R101 var det eine av to britiske stive (rigid) luftskip som vart bygde i 1929 som ein del av Imperial Airship Scheme, det offisielle britiske programmet for å utvikla to sivile luftskip som kunne tena langdistanseruter i Det britiske imperiet. Skipet blei teikna og bygga av eit lag utnemnd av luftfartsministeriet. Bygginga føregjekk i konkurranse med eit privat, men offentleg støtta R100 som vart bygd samstundes. Då det vart bygd var R101 det største luftfartøyet i verda med ei lengd på 223 meter.[4] Dette vart ikkje overgått før luftskipet «Hindenburg» vart bygt sju år seinare.
Havari
[endre | endre wikiteksten]Etter prøveflygingar og etterfølgjande modifikasjonar der lengda vart auka med 14 meter, havarerte luftskipet den 5.oktober 1930 i Frankrike under jomfruturen til India. 48 av dei 54 ombord omkom.[5] Blant dei omkomne var luftfartsminsteren som hadde sett i verk programmet, lord Thomson, mange høgare embetsmenn og nærast alle konstruktørane frå Royal Airship Works.
Slutten på programmet
[endre | endre wikiteksten]
Havariet av R101 sette ein effektiv slutt på dei britiske luftskipprogrammet. Det var ei av dei største lutfartsulukkene på 1930-talet. Tapet av menneskeliv var høgare enn dei 35 som omkom under Hindenburg-katastrofen i 1937. Den seinare kjende forfattaren Nevil Shute Norway har i sjølvbiografien Slide Rule Autobiography of an Engineer skildra arbeidet med dei to skipa. Shute karakteriserte R100 som eit pragmatisk og konservativt design og R101 som ekstravagant og over-ambisiøst, men eit mål var å testa ulike tilnærmingar; R101 var med på å grensesette den eksisterande teknologien.[6] Shute innrømde seinare at mykje av kritikken hans av byggeteamet for R101 var urettferdig.[7]
I kulturen
[endre | endre wikiteksten]Iron Maiden sin song «Empire of the Clouds» frå albumet The Book of Souls (2015) er basert på havariet til R101.[8]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Shute 1954, p. 77.
- ↑ "R101 Passenger List." Arkivert 30 August 2009 ved Wayback Machine. Airship Heritage Trust via Airshipsonline. Retrieved: 27 August 2010.
- ↑ Masefield 1982, p. 536.
- ↑ «Keeping Pace With Aviation», Popular Science Monthly, januar 1930
- ↑ Report of the R101 Inquiry 1931, p. 7.
- ↑ Masefield 1982, s. 111.
- ↑ Masefield 1982, s. 204–05, fn.
- ↑ Lombardelli, Tiphaine (12. august 2015). «Bruce Dickinson (Iron Maiden) : la générosité dans l'âme». Radiometal.com (på fransk).
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Chamberlain, Geoffrey. Airships: Cardington. Lavenham, Suffolk, UK: Terence Dalton Ltd., 1984. ISBN 0-86138-025-8.
- Fuller, John G. The Airman Who Would Not Die. New York: Putnam & Sons, 1979. ISBN 978-0-399-12264-4.
- Gilbert, James. The World's Worst Aircraft. Walton-on-Thames, UK: Michael Joseph, 3rd ed., 1975. ISBN 978-0-7181-1269-1.
- Grimwood, Terry. "R101: The Kesgrave Connection" (Essay). kesgrave.org.uk. Retrieved: 27 August 2010.
- Leasor, James (2001) [1957]. The Millionth Chance: The Story of the R101. London: Stratus Books. ISBN 978-0-7551-0048-4.
- Higham, Robin. The British Rigid Airship, 1908–1931. G.T. Foulis & Co Ltd, London, UK 1961.
- Masefield, Peter. To Ride The Storm: The Story of the Airship R101. London: William Kimber, 1982. ISBN 0-7183-0068-8.
- Meager, Captain George F. My Airship Flights 1915–1930. London: William Kimber, 1970. ISBN 0-7183-0331-8.
- Morpurgo, J.E. Barnes Wallis: A Biography. London: Longman, 1982 (2nd ed.). ISBN 0-7110-1119-2.
- Meyer, Henry Cord. Airshipmen Businessmen and Politics 1890–1940, Smithsonian Institution Press. Washington D.C. and London, 1991. ISBN 1-56098-031-1.
- «R.101». Flight XXI: 1088–1095. 11 October 1929. Arkivert frå originalen 5. mars 2016.
- "Report of the R101 Inquiry." London: HMSO, 1931. via www.bedfordraob.org.uk
- Shute, Nevil. Slide Rule: Autobiography of an Engineer. London: William Heinemann, 1954. ISBN 1-84232-291-5.
- Pratt, Michel. Airships R-100 and R-101. Quebec, 2018. ISBN 978-2981-695659.
- Sprigg, C. The Airship: Its Design, History, Operation and Future. London: Samson Low, Marston & Co, 1931.
- Swinfield, John. Airship: Design Development and Disaster. London: Conway, 2012. ISBN 978-1844-861385
- Venty, Arthur Frederick and Eugene M. Kolesnik. Airship Saga. Poole, Dorset, UK: Blandford Press, 1982. ISBN 978-0-7137-1001-4.
- Wintringham, T. H. "The Crime of R101." Labour Monthly, December 1930.
- Denne artikkelen bygger på «Luftskipet R101» frå Wikipedia på bokmål, den 10. oktober 2018.