Andesfjella er verdas lengste fjellkjede. Ho ligg langs vestkysten av Sør-Amerika. Fjella strekk seg frå Karibhavet i nord, til Kapp Horn heilt sør i Chile. Fjellkjeda er omtrent 7500 kilometer lang. Ho er òg den høgaste fjellkjeda i Sør-Amerika. Den høgaste toppen heiter Aconcuaga og er 6962 meter over havet.
Inkabyen Machu Picchu ligg i området mellom Andesfjella og Amazonas. Byen vart bygd på 1400-talet. Tusenvis av turistar vitjar staden kvart år.
Natur
Innsjøen Titicaca ligg på grensa mellom Peru og Bolivia, 3812 meter over havet. Det er Sør-Amerikas største innsjø. Biletet er tatt frå boliviansk side.
Andesfjella er ei massiv fjellkjede: Ho er både brei, lang og høg. Dei ti høgaste toppane er over 5000 meter over havet. Mellom fjella ligg det slettelandskap som også ligg høgt over havet. Titicacasjøen er den største innsjøen i Sør-Amerika. Han ligg mellom Peru og Bolivia. Det er omlag 60 aktive vulkanar i Andesfjella. Jordskjelv skjer også av og til. Ein finn fleire «tropiske isbrear» i Andesfjella enn nokon annan stad i verda. I sør har isbrear grave ut fjordar.
Klima
Andeshjort er nasjonaldyret til Chile. Han et gras og buskar, og lever i Andesfjella opp til 3000 meter over havet.
Klimaet i fjella varierer med høgda. I dei høgaste områda er det polarklima med snø og is heile året. Andesfjella er påverka av klimaendringar. Om lag halvparten av isbreane har forsvunne dei siste 60 åra. Dette gir problem for bønder som treng smeltevatn frå breane til jordbruket. Når breane smeltar raskt, kan det føre til flaum og store øydeleggingar. Når regn og temperatur endrar seg vert det òg vanskelegare å dyrke mat.
Planter og dyr
Hovudstaden Quito i Ecuador ligg på 3200 meters høgd i Andesfjella. Biletet viser utsikt over byen, med vulkanen Pichincha i bakgrunnen.
Andesfjella er eit unikt økosystem med mange ulike planter og dyr. Ulikt klima i høgda gjer at mange artar har tilpassa seg ulike miljø. Meir enn 600 ulike artar lever her, og fleire av dei finst berre i Andesfjella. Det same gjeld fleire artar fisk og fugl. Ein kan mellom anna finne chinchilla, alpakka, lama, ullape, brillebjørn, marsvin, andestapir, andeshjort og andeskondor, som er ein stor rovfugl.
Folk og busetnad
I nokre av dalane nordaust i Andesfjella bur folk tett. På høgslettene bur det mykje urfolk. Mange bønder har små gardar der dei dyrkar poteter, bønner og mais. Tomatar og poteter kjem opphavleg frå Andesfjella. Det blir òg dyrka kaffi, tobakk og bomull.
Høgda påverkar kroppen. Over 3600 meter over havet er det lite oksygen, og kroppen må tilpasse seg. Det høgaste området der det bur folk fast ligg i Peru, på 5200 meter over havet. Store delar av Andesfjella er likevel utan folk.
Historie
Menneske har budd i Andesfjella i mist 10 000 år, kanskje endå lenger. Det mektige Inkariket styrte området frå 1438 til 1533. Riket hadde mellom 9 og 14 millionar innbyggjarar. Byar som Machu Picchu vart bygde av stein i fjellsidene.