Hopp til innhald

Mamonovo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mamonovo
Мамоново
by
Image
Image
Våpenskjold
Land Image Russland
Føderasjonssubjekt Kaliningrad oblast
Høgd 15 m
Areal 20,85 km²
Folketal 8 295 (2023)[1]
Grunnlagd 1301
   Bystatus 1946
Postnummer 238450
Retningsnummer +7 40156
Kart
Mamonovo
54°28′00″N 19°56′00″E / 54.466666666667°N 19.933333333333°E / 54.466666666667; 19.933333333333
Wikimedia Commons: Mamonovo

Mamonovo[a] er ein by i Kaliningrad oblast i Russland med om lag 8 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 50 km sørvest for Kaliningrad.

Den tyske riddarordenen grunnla Heiligenstadt nær ein gammalprøyssisk busetnad og endra seinare namnet til Heiligenbeil. Som ein del av Kongeriket Preussen og seinare Tyskland låg han i Aust-Preussen.

Mot slutten av den andre verdskrigen fall Heiligenbeil-lomma til den raude armeen etter kraftige kampar mellom januar og mars 1945. Byen vart fullstendig øydelagd i kampane. Etter krigen vart området annektert av Sovjetunionen og innlemma i Kaliningrad oblast. Den tyske folkesetnaden vart utvist og erstatta med russarar. Bynamnet vart endra til Mamonovo, etter den sovjetiske kommandanten Nikolai Mamonov som vart drepen ved Pultusk 26. oktober 1944.

  1. russisk Мамоново, tysk Heiligenbeil, polsk Święta Siekierka eller Świętomiejsce, litauisk Šventpilis

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Image Commons har multimedium som gjeld: Mamonovo