Hopp til innhald

Shanghai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shànghǎi
上海市
by
Image
Panorama av Pudong.
Land Image Folkerepublikken Kina
Høgd 4 m
Areal 6 341 km²
Folketal 24 870 895 (2020)
Tidssone UTC +8
Postnummer 200000–202100
Retningsnummer 21
Kart
Shanghai
31°13′57″N 121°28′09″E / 31.2325°N 121.46916666667°E / 31.2325; 121.46916666667
Kart som viser Shanghai.
Kart som viser Shanghai.
Kart som viser Shanghai.
Wikimedia Commons: Shanghai

Shanghai (forenkla kinesisk 上海, pinyin Shànghǎi) er ein storby og hamneby ved austkysten av Kina. Med eit folketal på 24,2 millionar i 2018 er han det folkerikaste byområdet i Kina og etter nokre utrekningar den andre folkerikaste byen i verda. Hamna er den travlaste containerhamna i verda.[1] Shanghai er elles eit globalt senter for finans, teknologi og transport.[2]

Byen ligg ved det sørlege estuaret av Yangtze, medan Huangpu renn gjennom han. Han var opphavleg ein fiskelandsby og marknadsstad, men fekk auka tyding på 1800-talet. Han var ein av fem traktathamner i Kina som blei opne for handel med utlandet etter den første opiumskrigen.

Shanghai er ein byprovins, ein «regjeringsumiddelbar by», dvs. som er direkte understilt sentralregjeringa i Kina og har same status som ein provins.

Bydelen Pudong er det finansielle senteret i Shanghai.

Shanghai
Image
«Shanghai»" med vanleg kinesisk skrift
Kinesisk上海
Hanyu-pinyinShànghǎi
WuZaon22 he44
PostalShanghai
Bokstaveleg tyding‘På havet’

Dei to kinesiske skriftteikna for bynamnet «Shanghai» betyr ‘på’ og ‘hav’. Første gongen ein kjem over dette namnet er under Song-dynastiet, då «Shanghai» var namnet både på staden der to elvar flaut saman og ein liten by på denne staden. Det er omstridd korleis namnet skal tolkast, men kinesiske historikarar har kome fram til at staden låg under havnivået under Tang-dynastiet, slik at det bokstaveleg var 'på havet'.[3]

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Shanghai er delt inn i 19 einingar på fylkesnivå: 18 distrikt og eitt fylke.

Ni av distrikta dekkjer «Puxi», som er dei eldre delane av Shanghai sine bymessige delar og forstader på vestbreidda av elva Huangpu:

«Pudong», eller dei nyare delane av Shanghai sine bymessige delar og forstader på austbreidda av Huangpu, er eit eige distrikt med namnet Pudong. Før 1992 heitte det Chuansha fylke.

Åtte distrikt dekkjer forstader, satellittbyar og landlege område lengre vekk frå bykjerna:

Chongming-øya, ved osen av Yangtzeelva, er styrt av Chongming fylke (Chóngmíng Xiàn).

Det lokale språket i byen er shanghainesisk, som er ein del av undergruppa taihu wu av wukinesisk. Språket skil seg frå det nasjonale språket, mandarinkinesisk, og språka er ikkje gjensidig forståelege.[4] Moderne shanghainesisk er avleidd frå det innfødde wuspråket som blei tala i det tidlegare Songjiang-prefekturet, men det er blitt påverka av andre dialektar av taihu wu, særleg suzhounesisk og ningbonesisk.[5]

Evne til å tala dei følgjande dialektane/språka i Shanghai (2013)[6]
Språk % Kan tala
Mandarin
 
97.0%
Shanghainesisk
 
81.4%
Engelsk
 
47.5%
Andre variantar av kinesisk
 
29.7%
Andre utanlandske språl
 
7.8%
Sampled among residents ≥ 13 years old.
  1. Gardham, Richard (17. september 2021). «The ten busiest ports in the world by container traffic». Investment Monitor. GlobalData plc. Henta 31. juli 2024. «Located on the Yangtze Delta, the port of Shanghai is the busiest in the world, a position it has held since 2010.»
  2. «上海简介» (på kinesisk). 国务院新闻办公室. 4. desember 2009. Henta 4. september 2019.
  3. Danielson, Eric N., Shanghai and the Yangzi Delta, 2004, s. 8–9.
  4. «Chinese languages». Encyclopædia Britannica. Arkivert frå originalen 20. februar 2018.
  5. Chen, Zhongmin. 上海市区话语音一百多年来的演变 [Changes in the downtown Shanghainese pronunciations in the past one hundred years] (på kinesisk). s. 1. Arkivert frå originalen 20. august 2011. Henta 24. oktober 2019.
  6. 上海市民语言应用能力调查. (på kinesisk). Shanghai Municipal Bureau of Statistics. 7. februar 2014. Arkivert frå originalen 5. mai 2024. Henta 5. mai 2024.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Image Commons har multimedium som gjeld: Shanghai