mandag 20. juni 2016

Takk for i år!

Då er det posta innlegg for alle dei 29 øktene vi har hatt på kjøkkenet. Oppskriftene er tilgjengelege og eg har lært mykje om blogging. Til neste år vil eg involvere elevane enno meir i postingane her.

Siste skuledag blei denne bloggen kåra til "Årets" og eg fekk blomsterbukett. Det set eg stor pris på, men buketten må delast med alle dei flinke og engasjerte mat og helse-elevane eg har arbeida saman med i år :)
Image

29. økta: Avsluttning med taco og iskake

Image
Onsdagsgruppa er klart til å forsyne seg.
Taco
Tja, dette kan jo alle, kan ein ikkje? Vi snakka om at det er lett å lage reglar for kva som er taco som ikkje er "sanne", men som blir tradisjon heime hjå oss. Så vi prøvde vel alle taco med noko nytt i dag. Vi hadde:
Image
Torsdagsgruppa har pynta.
  • Tortillalefser, type heimelaga, upraktisk små og kjempegode.
  • Guacamole, heimelaga
  • Tzatsiki, heimelaga
  • Kjøttdeig, kylling og karbonade steikt med ein pose krydderblanding.
  • Reven ost
  • Tacosaus frå butikken.
  • Matyoghurt - i staden for rømme, det funka.
  • Isbergsalat
  • Tomat
  • Paprika
  • Mais
  • Agurk
  • Eplebitar
  • Finhakka raudlauk.

Image
Rett før torsdagsgruppa hiv inn på.
Image
Kven har beste tacogrepet?

Image
Min er best :)

Image
Nei, denne er betre :)

Image
Treng vi å kunne brette den då? Då blir det jo mindre plass til fyll...

Image
Sjå den gode Guacamolen!

Image
Nam!

Image
Nam! (og eg får med alt, berre den agurkbiten som smatt unna)
Tortillalefser
Gir 8 lefser

8 dL. mjøl
1 teskje bakepulver
1 teskje salt
2 dL. vatn
1 dL. olje

Image
Litt laus og klissete deig.

Image
Trill fine runde emne.

Image
Kjevle så tynt som råd, då blir det plass til meir fyll i lefsa.
Image
Steik til det boblar.

Image
Steik på begge sider.
Bland mjøl, salt og bakepulver. Bland inn oljen til “deigen” er så jamn som råd, med minst mulig klumpar. Ha i vatn, i to omganger – dvs ein halv dl. om gangen. Deigen skal knaast til den er jamn og litt klissete, men ikkje spesielt hard. Deigen kan så kvile i omlag 10 minutt. Vi hadde ikkje tid til dette eine dagen, og merka inga forskjell.

No er deigen klar til å steikast! Del den i åtte/ti like bitar (ca. samme str. som et egg) og kjevle ut til dei er så tynne som mulig. Lefsene skal tørrsteikest på medium til sterk varme. Etter omlag eit halvt til ett minutt er dei ferdige! Eit hint om at dei begynner å bli ferdige er at lefsa begynner å “boble”. Legg ferdigsteikte lefser under klede så dei held seg mjuke og varme.
Image
Lefsahaug torsdag. (Stor gruppe)
Image
Lefsehaug onsdag. (litt mindre gruppe)

Guacamole

1 moden avokado
1/2 finhakka lauk (vi brukte raud)
 1 fedd/båt finhakka kvitlauk
2 ms sitronsaft
1 krm salt
Image
Ta ut fruktkjøttet med ei skei

Del avokadoen i to på langs og ta ut steinen. Ta ut fruktkjøttet med ei skei.
Mos fruktkjøttet fint med ein gaffel og ha i dei andre ingrediensane. Smak til med salt. 
Image
Bland alt.
Dersom du syns guacamolen ser for grov ut, kan du køyre den med stavmiksar eller liknande til den blir slik du vil ha den.

Dekk med plast og la salsaen/guacamolen stå i kjøleskåpet til vi skal servere den.



Tzatsiki
1/2 agurk
1/2 ts salt
1/2 fed/båt kvitlauk
1/2 ts peppar
1 dL matyoghurt

Image
Riv agurken.
Rasp agurken på den finaste sida av rivgjernet. Strø på salt, og la det stå litt, så vatnet sig av. 
Image
La vatnet sige ut av agrukmassa.
Rens og finhakk kvitlauken.
Hell av vatnet på agurken.
Bland kvitlauk og agurkrasp. Rør inn yoghurten og smak til med pepar.


Image
Og til dessert fekk vi endeleg smake på iskaka.
Image
Den smakte godt!



lørdag 18. juni 2016

28. økta: Grønsakspai og rydding

Image
Skvalderkål/hanekam
Image
NAM!

Grønsakspai

Paibotn:
250 g smør i terningar
1 ts salt
4 ss vatn
6 dl kveitemjøl

Køyr alt saman i ein foodprosessor til deiga samlar seg. Legg i kjøleskapet i minst 15 minutt dekka i plast. Skru på omnen og finn fram forma. Gjer klare grønsakene medan du ventar. Klem deiga godt ut i forma og press godt opp på kanten. Prikk deiga med ein gaffel og forsteik deiga på 200 grader i 10 minutt til den er gyllen.  
Image
Trykk deigen ut i paiforma.

Grønsaksfyll:
1 lauk i skiver
2 paprikaar i strimlar
0,5 purre i bitar
2 fedd kvitlauk fint hakka
1 ts sambal olek
100 g fersk spinat/grønt ”ugrass”
Salt og peppar

Plukk ugras. Vask det i kaldt vatn, og ta fjern harde fiber. Det kan vere greit å forvelle ugraset. (dypp det i kokande vatn, og så i kaldt vatn) Kutt alle grønnsakene og fres dei i steikepanna. Ha spinaten i til slutt. Smak til med salt og peppar.
Image
Vask ugraset godt! Pass på at det berre er ugras du veit kan etast i blandinga.
Image
Forvell ugraset.
Image
Kutt grønsakene i bitar.
Image
Hakk ugraset også.
Image
Steik grønsakene.
Image
Fyll dei forsteikte paiskala med grønsaksblandinga.

Eggefyll: 
6 egg
6 ss fløyte /heilmjølk
Persille og oregano
Salt og peppar
Image
Pisk saman egg og mjølk.
Pisk alt saman

Image
Hell eggeblandinga over i paiforma.

Når paideigen er forsteikt tilsett du grønsakene og heller eggefyllet over. Til slutt strør du over litt ost.
Image
Kanskje vi skal ha litt ost på?

Steik så på 200 grader i ca 20 minutt. La paien kvile litt før den delast opp. Server med frisk salat.

Image
Ferdig steikt pai. (Det blei ost på, vi fant i kjøleskåpet.
Ostehorn med skinke eller andre restar
Gjærdeiga
5 dl lunkent vann
25 gram fersk gjær
1 ts grovt havsalt
1/2 ts sukker
4 ss olivenolje
700-750 gram kveitemjøl (Blanding av fint og grovt mjøl)  

Bland alt, og elt i ca 10 minutt. La deigen heve til dobbel størrelse. Kjevl ut, og fyll horna med det vu har slengt i frysaren gjennom året. Truleg ost og skinke. 
Image
Slik blei dei denne gongen.

Etterhev så lenge som råd og steik i forvarma omn på 225 grader og steik i ca 10 minutt.

Lettvindte Winerbrød

200
gr
125
gr
1
ss
50
gr
1
stk
1
dl


Smuldre margarinen i mjølet og tilsett sukkeret. Rør gjæren ut i lunket vann og ha det i blandinga. Pisk egget og ha det i. Rør deigen fort saman. Sett deigen i topper på smurt plate. Bruk to spiseskjeer.
Image
OK, vi gløymde å ta bilder i starten. Her er dei halvt hevde.
Hevast på plata ca. 1 time. Steikast ved 250 C i 12 - 15 minutt . Avkjølast og glaserast med melis. Det blir ca. 20 stk.
Image
Melisglasur :)
Image
Dette blir godt.
Image
Dette var litt mindre steikt, kanskje det er passelegare?

Daim-iskake


Marengs(dag 1):
3 eggekviter
3 dl sukker
½ ts bakepulver
Image
Marengsbotnane lagde vi sist.
Pisk ingrediensane stive. Teikn opp to sirklar på smurt bakepapir. Del røra i 2 og bre den utover i dei to sirklane. Steik på 100 grader i 3 timar. Byt plass på bretta etter 1,5 timar.

Krem(dag 2):
6 dl krem
150 g sukker
3 eggeplommer
2 daimplater(1 daim-dobbel)
Image
Vi piska kremen for hand.
Image
Skilje egg, eigentleg brukar vi plommene som blei att frå marengsen. Sidan det var så lang tid mellom gjekk dei frosne plommene saman med den ny eggekvita i paien.

Pisk kremen med litt sukker. Hakk sjokoladen.(hald gjerne av litt av sjokoladen til pynt) Rør alt godt saman.
Image
Kremen må bli skikkeleg stiv.
Legg lagvis marengs, krem, marengs krem og litt hakka sjokolade på toppen. Lag mønster i toppen av kremen med ts før du har på sjokoladen. 
Image
Klar til å putte i frysaren. Vi gler oss til neste økt :)
Frys kaka.

Dag 3


 La den stå minst 12 timar i frysaren. Tin den litt før servering.