..festlege bilderas
Men når ein brukar nokre timar på å vaske bord
og piske krem
og steike noko i ein ovn som er kaputt
og med tilhøyrande usensurerte ordras frå kokken
so tek ein no kanskje litt i overkant med bilder
når eg til og med var einaste gjest
på denne solrikevårfest
kjenner ein kanskje naud for å dela
og ja det vart som med høna og kornet
eg åt nesten heile baksten aleina
eg so treng da minst
åt klart mest
men sånn e da ofte med fest
lett å gløyme dagen derpå
fleire enn eg so fekk erfara det i går...
Egentlig er eg ikkje heilt glad i slik shabby chic som er meir shabby enn chic
slik bordet vart etter vask
men sidan det var siste høve å skina i sola
fekk det lov å stå
So med dette slenger eg meg på festlige tider
mai er klart ei festleg tid
med eller utan konfirmanta