torsdag 30. desember 2010

Svingkort

Mitt  første svingkort, og mitt første  motiv fargelagt med Promarkers. Veldig kjekke å bruke, men oppdaga fort at eg trenger maaaange fleire fargar for å få litt meir liv i fargelegginga :)
Har brukt digistempel som Bodil har laga. Passa perfekt til niesa mi som blei 6 år.
Mønsterpapir frå Basic Grey og Ladybug and friends, blomster frå Prima og Kort og Godt.

 
Image

Image

Image


fredag 17. desember 2010

Siste julekort for i år

Dette blir det siste juleinnlegget for i år. Nå er eg ferdig med å lage alle julekorta, så nå gjenstår det berre å skrive ei julehelsing på dei og få dei av gårde i posten. Kortet har eg laga etter Sketchy colors si skisse. Mønsterpapiret stod det ikkje navn på, så då vett eg ikkje kor det er frå. Motivet er frå eit papir frå 3ndy paper, sølvnetting frå Libris, og bling kjøpte mor mi i Nederland. Og så har eg sydd med sølvtråd rundt kantane. Eit tålmodighetsprosjekt, for tråden sleit ganske ofte :) Glitterlim (Diamond) på snøfnugg og motiv. Såg litt voldsomt ut på bildet, men lysforholda får ta skylda :)
Sketchy colors: skisse
Musikkstua: Let it snow


Image
God jul til dåkken alle hyggelige bloggere :)


mandag 13. desember 2010

Sjokoladeeske

Ei dekorert melkehjerteeske som blei gitt som vertinnegave i helga. Trur ikkje eg kommer til å dekorere så mange slike esker. Syntes det var vanskelig å få den fin på sidene pga opninga. Enklare å dekorere Toffifee-esker.
Mønsterpapir frå Maya Design, Nellie Snellen-punch til julestjerne og blader, halvperler frå  Nellie og metallsnøfnugg frå Kort og Godt. Rødt "gitter" har eg klipt av ein juleløper :)
Kort og Godt: Pynt ei eske, metallpynt og minst 1 produkt frå K&G.
Musikkstua: Let it snow

Image
Og medan eg har lagt inn dette, har eldstejenta bakt brune pinner. Nam, nam :)

fredag 10. desember 2010

Endelig voksen

Nå er eldstejenta blitt 18 år og voksen, og kan gå ut på "byen" i lag med dei andre som blei 18 for leeeenge sidan. Til den store dagen laga eg dette kortet med "trekkspill-lomme" inni.
Mønsterpapir med glitter er frå My Mind`s Eye, blomster frå Prima og Kort og Godt og bildet er frå internett.
Bursdagsbarnet i That`s just so cute, Pia, vil sjå prosjekter med blått i, så her er mitt bidrag.
Image

Enkelt pynta på innsida.

Image


fredag 3. desember 2010

Til og frå lappar

Fredag, fridag og tid til kort og blogging. Nå har eg laga mine første til og frå-lappar. Snøkrystallene har eg laga med Cricutmaskina mi, som eg bruker alt for sjeldan. Til nå har eg berre brukt den til bokstaver og til å skjere ut vesker.  Og til det er den jo "kjekk å ha".
Blomstene er frå Prima, sølvnetting frå Libris og bling frå Nellie + at eg har brukt Stickles glitterlim (diamond)
That`s just so cute juleekstra 2: Til og frå-lappar

Image

Og her eit nærbilde av blomst og fjør..

Image

Eg var så heldig og blei dagens følger  i That`s just so cute sin julekalender. Har fått mange hyggelige kommentarer både frå gamle og nye (for meg) bloggere. God helg til dåkken alle :)

onsdag 24. november 2010

Toffifee

Ikkje julekort denne gang, men ei dekorert toffifee-eske i duse fargar. Mønsterpapir frå TPC-studio, stor blomst frå Kort & Godt, liten blomst frå Prima og fjøra er frå Panduro.
Nordsalten hobbyklubb sin utfordring er : la deg inspirere av et englebilde.

Image

fredag 19. november 2010

Julehjerter

Denne gang har eg prøvd meg på ein ny vri på hjertekortet. I staden for å lage eit hjerte som kan opnast, har eg laga kortet som ei god gammeldags flettekorg. Litt verre å flette desse papira i forhold til glanspapir, men med litt tolmodighet så fekk eg det til. Har laga ein stor hjertetag som det er plass til å skrive på den eine sida og bilde på andre sida.
Mønsterpapir frå Maja Design og 3ndypapir
Blir med på That`s just so cute sin utfordring : Lag ett julekort
 
Image

Og ett til...
Image


søndag 14. november 2010

Ett til lyseblått julekort

Enda eit julekort der eg har brukt det flotte mønsterpapiret frå Ludvigbaehr. Trenger ikkje så mykje pynt når mønsterarket er så dekorativt.
Med dette kortet deltar eg i Kreative Krumspring sin utfordring: Julehilsen


Image

Lyseblått julekort

Eit julekort i (for meg) utradisjonelle fargar.  Har brukt ei nydelig mønsterark frå Ludvigbaehr med glitter snøkrystaller.  Ellers : Martha Stewart punch rundt kanten, sydd med sølvtråd, sølvnetting kjøpt på Libris, snøkrystall (metall) frå Kort og Godt og rosa blomst er frå mor mi sitt syrom.
Sukkersøtt: Advent og jul
Kort og Godt: Julekort med bruk av punch og minst 1 produkt frå K&G.


Image


onsdag 10. november 2010

Kort til gubben

Eit bursdagskort til gubben som snart fyller 50 !! Og då var det naturlig å prøve seg på vintagestilen :) Må jo prøve å variere  litt i stil og farger av og til. Tar sjansen på å legge det ut nå, for eg rekner ikkje  med at han er inne på bloggen min. Han ser jo som regel alltid korta i virkeligheten. 
Mønsterpapir frå Imaginisce og Marah Johnson (hjerte), blomster frå Essentials og den flotte krona fekk eg av Trine. Tusen takk Trine :) 
Bokstavane og ramma har eg brukt embossingpulver på . Kobber på bokstavane, og på ramma, først kobber og så aged mahogany for å få eit røffere preg.
Deltar på desse utfordringane:
Sukkersøtt : Lag noe til en du er glad .i
Musikkstua: inspirert av sangen "I just call to say I love you"
Vintage Udfordring: Bruk av Utee og/eller varm embossing.

Image

Og inni..
Image


fredag 5. november 2010

Julekort

Eit julekort i tradisjonelle julefarger. Kortet er laga etter Sketchy colors skisseutfordring.
Mønsterpapir frå DaisyD`s og ? God jul teksten er frå eit  mønsterpapir frå 3ndypapir. Blomst og blader frå gammal lysmansjett.

Image


lørdag 30. oktober 2010

Julehjerte

Endelig har eg komt i gang med å lage julekort. På fridagen min i går laga eg 2 stk.  Laga dei like, for då trenger eg ikkje bruke så mykje tid på å tenke. Kristornblad og gullpynt er frå gamle lysmansjettar. På sløyfa har eg festa ein stjerneanis. Lukta faktisk godt, sjølv etter å ha ligget ca.20 år i ein plastpose. Er frå den tida då eg gjekk på eit kurs i krydderbinding. Håper at det strøymer ut deilig juleduft når mottaker opner kortet :)
Mønsterpapir frå Imaginisce, og stempel frå Kreative Hobby
Kreativ Hobby sin utfordring: Julekort  + bruk av KH-stempel
Sukkersøtt sin utfordring: Gjenbruk. Usikker på om det berre var gjenbruk av embalasje, eller gjenbruk generelt. (lysmansjetter)

Image

Eit nærbilde av pynten. Uvant å ikkje pynte med blomster :)
Image


onsdag 27. oktober 2010

Herrekort

Eit herrekort som blei gitt vekk denne veka til ein 40-åring. Hadde då kutta ut navnet til mottakar med cricutmaskina mi og limt på framsida på kortet. Det bildet var ikkje bra, så då blir det dette bildet uten navnet på. Kanten på trekantfliken er klipt med bølgesaks, som var nåke av det første eg kjøpte då eg begynte å laga kort.
Mønsterpapir og blomster frå Prima, og stempel frå Norsk stempelblad.
Sukkersøtt sin utfordring: Herrekort med metall

Image

Når eg lager konvoluttkort, skjærer eg vekk den eine av trekantane som brettes ned. "Da får jeg mer til overs" av mønstepapiret og bruker det til å pynte på baksida. Og så blir ikkje kortet så tjukt.

Image


lørdag 23. oktober 2010

Telys-kort

Endelig har eg fått gjort ferdig eit telyskort som eg begynte på då eg var på mitt første korttreff for 1 mnd sidan. Skjærte litt feil, og då har det lett for at det berre blir liggande. Nå er feilen fiksa, og kun eg som vett kor feilen var :)
Mønsterpapir m/glitter frå  BoBunny, lyse blomster frå Prima og røde blomster og metallpynt frå Kort og Godt. Blonde frå syskuffa til mor mi.
Blir med på Kort og Godt sin utfordring: Blomster og perler

Image

Eit nærbilde av fyrstikkeska som er festa til kortet med borrelås. Har brukt ei middels stor fyrstikkeske (7x5cm) denne gang. Blei litt bedre plass til å pynte på.                                                                        
 
Image

Og til slutt eit stemningsbilde frå sesongens første skitur!!! 40 cm nysnø, strålande sol og nypreparerte skiløyper. Heilt  fantastisk dag.   
                                                                                                                                                                                                                                     
Image
                          3 etternølerar på veg heim til fårikålgrytene :)   
                                                                                                                                                   

torsdag 7. oktober 2010

Toffifee

Eit kjapt innlegg , og så må eg fortsetta med pakkinga. Høstferien starter i mårå, og då skal me reisa til Kreta. Håper det er litt sol og varme igjen til oss der nede  :)
Har laga ei toffifee-eske, igjen. Og fleire kommer etterkvart.
Mønsterpapir frå Maya Design og dei fleste blomstene frå Kort og Godt.
Ett trykk Trykkpressa sin oktoberutfordring er : Bånd/blonder, blomster og bling + rosa.
Kort og Godt sin utfordring er: blomster og perler og minst 1 produkt frå Kort og Godt


Image

lørdag 25. september 2010

Vintage

Eit kort i vintagestil blei til på fridagen min i går. Har endelig kjøpt meg små kakeserviettar, og skissa til Sketchy colors passa perfekt for å prøve dei ut. Har tegna ein sømkant på kortet, for symaskina mi er ikkje venn med meg lenger når eg syr på papir. Over- og undertråd vil liksom ikkje henge sammen. Den syr fint på stoff. Gode råd for sying på papir mottas med takk :)
Anonyme Scrappere sin utfordring denne gang er vintagestil, så der blir eg også med.


Image

                                Og inni ser det slik ut....
Image


onsdag 22. september 2010

Herrekort

Her har eg laga eit "bleiekort" til å henge på ei vinflaske (eller ein pakke). Har følgt Kort og Godt si oppskrift for septemberutfordringen: Herrkort med metall og bånd, og produkt frå K&G (metallrondellene).
Mønsterpapir frå My Mind`s Eye, blomster frå Prima og kjede frå ein prislapp.


Image

Tag til å skrive ei helsing på
Image

Og sjekk den flotte metallknappen eg fann i knappesamlingen min, ein cowboy på hesteryggen.

Image


søndag 19. september 2010

Toffifee-eske

Endelig er eg ferdig med toffifee-eska som eg begynte på då eg var på korttreff på onsdag. Første gang eg har vert med på treff. Veldig kjekt sjølv om eg ikkje var så produktiv. Spennande å sjå kva dei andre laga, få tips og ideear. Og så syntes eg det var vanskelig å veta kva ein skulle dra med seg av pynt og utstyr - det begynner jo å bli ein del  :)  Men eg lærer vel etter kvart.
Eska laga eg etter skissa til Trykkpressa sin utfordring.
Mønsterpapir frå TPC-studio og blomster frå Prima

Image


tirsdag 14. september 2010

Babykort

Må prøve lykken på Kreative Krumspring sin første utfordring som er "En ny start". Kom ikkje på nåke meir kreativt enn ein babybody denne gang. Mønsterpapiret er frå Bohemia og stempel frå Kreativ Hobby.
Dersom det er nåken som vil ha malen, kan eg sende den på e-mail.


Image

lørdag 4. september 2010

Toffifee-eske

Skulle egentlig berre innom bloggen min og rydde litt i sideelementer og prøve med 3 kolonner. Har surra det til og forstår ikkje heilt ka eg har gjort, så nå får det berre vera litt rotete til eg har bedre tid.
Kjekkar å legge ut bilde av mitt siste prosjekt, ei toffifee-eske. Skisseboden sin skisseutfordring passa perfekt til denne eska. Blir også med på Scrappekammeret sin utfordring som er "Uten stempeltrykk".  
Mønsterpapir frå Ladybug, blomster frå Prima (trur eg) og fjøra i hodepynten frå Panduro.

Image

Eit nærbilde av fjørpynten som eg er så fornøyd med. Det er vel lov til å skryte av seg sjølv av og til  :)

Image

   GOD HELG :)

mandag 30. august 2010

Gladkort

Har laga eit kort til Nordsalten hobbyklubb sin utfordring som er: Herrekort med måla 10x23cm etter ei skisse.
Mønsterpapir frå Making Memories, blomster frå Essentials og Nille. Bilder finner eg ofte inne på denne sida.
Ein blir i godt humør når ein ser denne gladkua :)

Image

Og inni skal det egentlig ligge ei Yade sjokoladeplate, men den var allerede ete opp...
så kokesjokoladen får gjør nytte for seg på bilde :)
Image

søndag 29. august 2010

Tesakort

Var innom bloggen til Marianne i går og såg at ho hadde laga ein ny type brettekort. Måtte prøvast ut med ein gong. Ideen til kortet er det Tesa som har, derfor har eg kalt det tesakort. Må jo gjør ære på designaren :) Malen til kortet finner du  inne på bloggen hennar.
Scrappehuset har ein utfordring nå som er: "La deg bli inspirert av en sang".  Sangen som dette kortet er inspirert av, er Wenche Myhre sin sang "Når jeg blir 66".
Mønsterpapir frå Dream Street Papers, og  blomster frå Prima.

Uff da, såg på bildet nå at ei perle har ramla av. Hadde ikkje tid til å vente med å ta bilde til limen var tørka :)

Image
Det er tagen som holder kortet sammen. Når ein tar vekk tagen og opner kortet, ser det slik ut...
Image

fredag 27. august 2010

Nytt liv til gamle stolar

Har ikkje fått laga kort i det siste, så då får eg legge ut bilde av stolane eg fiksa i sommar. Må jo vise at det er liv i bloggen min :)

Her er det gamlemor Muskatt som koser seg på den gamle stolen. Typisk stol frå tidlig 90-tallet. Synes det er for gale å kasta stolar som er gode å sitte på, så dei fekk nytt trekk og maling, og skal få nytt liv som kjøkkenstolar.
Image

Og her sitter Sarah Bernard på nyoppussa stol

Image

onsdag 18. august 2010

Babykort

Eit guttebabykort som mor mi har bestilt av meg. Eg lager ikkje så mange kort for salg, for eg har som regel nok med å lage kort til eget bruk. Men til mor lager eg kort, fordi ho betaler så godt. Ho får kort av meg, og eg får nysteikt brød når ho baker :) Nam, nam
Mønsterpapir frå Crate, charms frå Unik hobby, stempel frå Kreativ hobby og gamle nupereller.
That`s just so cute sin Ekstra cute 12  utfordring er: Lag noe babyinpirert, så den blir eg med på.

Image

Og inni ser det slik ut:

Image



Image

søndag 15. august 2010

Guttekort

Eit superenkelt guttekort som nevøen min fekk til bursdagen sin.  Mottakaren var  fornøyd med kortet, og då er eg også fornøyd :) Kopierte eit bilde frå internett, forstørra  det og printa  det ut på kvit kartong, bokstavar (i Viking sine fargar) med cricut og adidasmerke frå ein treningsjakke. Inni hadde eg pynta med Vikingdrakt ++, men pyntinga inni blei gjort i siste liten, så eg fekk ikkje tid til å ta bilde :)
Blir med på Sukkersøtt si utfordring som er : Lag eit kort som ikkje er firkanta.

Image

lørdag 14. august 2010

Mannfolkkort

Skal i bursdag neste helg, så då må eg jo ha klart eit mannfolkkort. Laga kortet etter Sketchy colors si skisseutfordring.
 Litt uklare bilder. Kanskje eg trenger nytt kamera?

Stempel frå Norsk Stempelblad, mønsterpapir frå Dream Street Papers (takk Guri Anne) og gamle metallknapper.

Image

Uvant å ikkje pynte med blomster på framsida, så derfor blei det blomster på innsida istadenfor :)
Image

onsdag 11. august 2010

Konvoluttkort

Har laga eit kort etter Kort & Godt Hobby sin utfordring som er: et tekststempel som hovedmotiv, minst 3 brads, blonde og bånd,  turkisfarge skal være representert og minst ett produkt frå Kort & Godt Hobby (metallhjerte). Må vist ein tur innom nettbutikken til K&G, for dei hadde fått inn mange lekre nyheter :)

Mønsterpapir frå Nille, fjører frå Panduro, blomster frå Prima og blonder frå ein gammal duk.


Image

Og inni ....

Image

I mårå begynner eg på jobb igjen etter nesten 8 veker ferie.  Blir derfor litt roligare her i bloggen framover .... kanskje :)

tirsdag 10. august 2010

Jippi !!!!

Eg vann Benedicte sin candy. Første gang eg vinner ein candy, så nå gleder eg meg som ein unge til pakken kommer. Og kanskje  mine stjerner og planeter er i riktige posisjoner, så derfor blir eg med på dette hemmelige sukkertøyet. Det er lov til å håpe :)

Image

onsdag 4. august 2010

Toffifee-eske

Endelig fekk eg brukt bildet av desse søte kattane som eg har hatt liggande ei stund. Sketchy colors sin fargeutfordring passa perfekt til dette bilde. Har brukt Skisseboden sin skisseutfordring til hjelp. Mønsterpapir frå Maya design, og det passa jo godt til Ett trykk sin fargeutfordring.  Jøsses, 3 utfordringar på ein gong. Det er første gang eg har klart det :)
Bak kattebildet er det ein tag til å skrive ei lita helsing.

Image

Sketchy colors sin fargeutfordring:

Image

Ett trykk sin fargeutfordring:
Image