Dyret

havdissnøgrønleopardredningsvestbadehandkle

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Tallerkenverk

emma.jpg

Tallerkenverk er eit dokumentarisk fotoprosjekt som enda opp som ein installasjon. Resultatet vart stilt ut ved Agatunet, del av Hardanger og Voss Museum, sumaren 2016.

I over ti år fotograferte eg det little øysamfunnet Fjelberg i Kvinnherad. Fjelberg består av to øyer kor det bur 89 menneske. For hundre år sidan var Fjelberg eit kommunesentrum. Det var den gongen sjøen var vegen. I fjor stengde barnehagen. Men ferja går, og butikken er open.

Ein tallerken har ein funksjon. Me et av den. Ein gong i tida byrja me henge den på veggen som pryd. Eg valde å presentere det fotografiske materialet på tallerkar, på fat som ein gong har vorte ete av, for å stille spørsmål ved om det no er i ferd med å gå same vegen med bygde-Noreg.

 

Dette prosjektet er ganske enkelt

eit portrett av ei bygd.

 

aga_fargar.jpg
IMG_9906_web.jpgaga8.jpg

Skjermbilde-2017-02-07-kl.-16.39.38.jpg

 

Skjermbilde-2017-02-07-kl.-16.39.22.jpg
Trykksak i forbindelse med utstillinga.

 

 

 

IMG_9964_web.jpg

Prosjektet vart støtta av Norsk Kulturråd og Fjelberg Bygdalag.

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Microfly + Storformat = Sant

IMG_9083.jpg

IMG_2850.JPG

Eg fekk eit innfall om at eg gjerne ville gjere flyfoto med storformatkamera. Eg hadde ganske enkelt lyst på det biletmaterialet. Ikkje så lett å få til i praksis, men eg var heldig og kom i kontakt med ein cowboy av ein pilot – og fotograf. (Striking kombo) Bjørn Østrem la ikkje skjul på at det var meiningslaust/galskap/tullete å fotografere med storformat frå eit fly, men var likevel så grei å ta meg med. Det mest utrulige her er at han har skåre ut hol i vindauga på flyet sitt for å fotografere ut av. Eg kunne altså ikkje vore meir heldig med piloten. No har eg vore på tur med Bjørn to gonger, like fantastisk kvar gong. Han lar meg fly, og det heile kjennes som eit Ghibli-eventyr. Eg har vore litt teknisk uheldig begge gonger, men har likevel fått gode resultat som eg har arbeidd vidare med i mørkerommet. Eksempel på dette lenger nede.

img_9100Bjørn fotograferer og flyr. Eg klarar knapt å kjøre bil og skifte radiokanal.

img_9103På den siste turen var det isbre eg var spesielt interessert i.

img_9118Bjørn har nok rett i at dette kameraet ikkje er det beste å operere med i eit microfly.

img_0117

Eg arbeider med kombinasjon av positiv og negativ film og i tillegg maler eg på transparent film som eg legg lagvis. Over vises eksempel på korleis eit resultat av dette kan bli.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Plenair, Visningsrommet USF

plenair

 

Plenair var ei utstilling eg hadde saman med Erik Friis Reitan på Visningsrommet USF i  april. Både mine og Erik sine arbeid omhandla den optiske og fysiske opplevelsen av fotografi.

_DSC9737Komposisjon 1 og 2, 2015

 

Eg undersøker korleis form kan få mer plass i det fotografiske språket. Fotografi er så likt det me ser heile tida, at det er lett for at ein i møte med eit fotografisk motiv hopper over spørsmålet «kva ser eg på?» og gå rett til «kvifor ser eg på det?» Fordi auga bruker liten tid på å lokalisere kva det ser på vert form i stor grad underordna innhold. Ein av metodane eg arbeider med er å vende fotografi opp ned. Det at auga må bruke tid på å snu motivet gjer at det er eit øyeblikks ugjenkjennelighet og i det øyeblikket vert ein pressa til å i større grad ta stilling til form enn den ein kanskje ellers gjer i møte med fotografi. På den måten prøver eg å abstrahere, men framleis bevare fotografiet sitt språk.  I verket Vindur,  viderefører eg ei form frå eit bilete til eit anna. Alle arbeida mine er produsert i mørkerom, dei fleste ved North London Darkroom. Denne prosessen kan du lese meir om i ein tidligere blogpost: «North London Darkroom, og gleden av fysisk arbeid.» 

 

_DSC9840

_DSC9848Arizona, 2015

 

_DSC9955Vindur, 2015

 

_DSC0006

_DSC9828 copyTaakefjell, 2015

 

 

Artist-talk

IMG_5142

Mot slutten av utstillingperioden hadde me ein artist-talk der Vilde Salhus Røed var moderator. Me snakka om utstillinga som heilhet, arbeidsmetoder og samarbeidet vårt. Til slutt hadde me ein runde der me snakka om kvart enkelt verk. Det var godt oppmøte, og det vart ein fin samtale mellom oss og publikum.

IMG_5167 IMG_5177

 

Fleire av verka frå denne utstillinga er å finne med salgsinformasjon på Kunstguide.no. Ta gjerne kontakt om du lurer på noko.

Dokumentasjon av utstillinga er gjort av Erik Friis Reitan, og dokumentasjon av artist-talk er av Fredrik Rysjedal.

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

Kunstguide.no

Skjermbilde 2015-08-25 kl. 10.40.48

Eg er no presentert på Kunstguide.no. Profilen min kan du sjå ved å klikke på bilete over. Kunstguide er utvikla og administrert av VISP som er kompetanse- og nettverksorganisasjon for det visuelle kunstfeltet i Hordaland, og som arbeider for å betre og tilrettelegge vilkåra for produksjon, formidling og salg av visuell kunst i Bergen og Hordaland. Kunst til folket, med andre ord.

Det er ei flott nettside som eg er glad for å vere del av. Så gå innom og ta ein kikk!

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Månedens kunstner i VISP

I juni var eg månedens kunstner i VISP. Intervjuet kan du lese her.

visp

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

North London Darkroom, og gleden av fysisk arbeid

I februar var eg to veker i London for å produsere arbeidet som eg skulle vise på Visningsrommet USF i april. North London Darkroom er eit mørkeromskollektiv ved Tottenham Hale som vart starta av min studievenn Sebastian Edge. Då eg visste eg ville produsere analogt i stort format, større enn eg nokon gong hadde gjort før, ringte eg til han. Og slik fekk me i stand eit kunstneropphold ved North London Darkroom der fasilitetane låg til rette for denne type arbeid.

Det var to intense veker, med stadig nye tekniske utfordringar. Å printe i format opp til 117 x 156 cm krever teknikkar og metodar som var nye for meg, og på den måten vart oppholdet enormt lærerikt.

nld8

 Gleden av å arbeide fysisk var stor. Lange dagar, og enkelte netter, der inne i mørket. Kløktig nok hadde Sebastian skaffa eit godt musikkanlegg. Å stå aleine der med bilda flytandes i kjemi og Lee Moses, Susanne Sundfør, Building Instruments eller soundtracket til Drive på høgralarane var heilt fantastisk. Opplevelsen var ein bekreftelse på mine tankar om korleis arbeidsmetode påvirkar resultat og relasjonen til arbeidet i sin heilhet.

nld1 nld3nld5

Følelsen av å ha fødd eit fotografi

Den største utfordringa var å lage Taakefjell, eit fotografi eg ville ha i så stort format som fasilitetane tillot: 117 x156 cm. For å gjere dette måtte me bruke avlange kar som liknar takrenner, og rulle det eksponerte papiret i ein sylinder for å så bake kjemien inn i papiret ved å konstant rullere det med ein spesiell teknikk. Sebastian assisterte meg i dette arbeidet, og ganske enkelt lærte meg korleis eg skulle gjere det for å unngå både det eine og andre uhellet. Det føltes fantastisk å mestre det. Arbeidet er veldig fysisk, det er tungt å stå over kara i ein statisk posisjon og jobbe med papiret medan ein fylgjer sekundvisaren som tikkar. Papiret vert heilt mjukt, og det er enormt lett å få ein knekk i det om ein ikkje er varsam nok. Kostnadane av så stort stykke papir er enorme, og med den avgrensa tida eg hadde i tillegg var det ikkje mulighet for mange forsøk. Mykje stod på spel. Då eg var ferdig (etter eit uvisst antall nesten-kriser) og hadde fått bilete på plass der det skulle tørke, følte eg meg utmatta, lykkelig og gjennomtrekt av kjemi. Mestringfølelsen var enorm, og uten at eg nokon gong har fødd noko som helst – følte eg no at eg hadde fødd eit fotografi.

nld6

Det som kostar, får meir verdi. For meg veg dette bilete tungt, fordi det kosta krefter, tid, pengar,  store mengder hovudbry og faktisk eit par tårer. Hadde eg produsert det digitalt, ville det ha kosta meg mest irritasjon og utolmodighet – noko som ikkje gir den beste relasjonen til resultatet.

Noko av det mest frustrerande med å jobbe med fotografi er at det er så langt mellom tanke og produksjon. Å få arbeide to veker i slike fasilitetar var ein draum, og virkelig motiverande for å i framtida legge til rette for å kunne jobbe på denne måten i Bergen.

Så, til slutt, ein stor takk til Sebastian Edge som var så kul å gjere dette mogleg for meg, og i tillegg delte av sitt hav av skills og erfaring. I tillegg var eg så heldig å ha to supre assistentar: Gary William Smith og Daniele Roversi. TUSEN TAKK!


sebdaniele

gary_flip

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Intervju

Screen Shot 2014-11-26 at 13.57.09

Eg har blitt intervjua på Anja Dahle Øverbye sin blogg, Haustlauv. Ta ein kikk, bloggen hennar er superfin!

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

A Compilation Project. 1 hour exhibit.

acp-ground

Nora Adwan og eg har fortsett arbeidet med A Compilation Project, og fredag 5. september hadde me ein 1 times utstilling der me viste 1 verk. Me har jobba ut ifrå det samme rammeverket – eg vel frå Nora sitt arkiv og Nora vel frå mitt. Denne gongen ville me arbeide med print i mindre format sett saman til eit stort verk. Tilsaman 132 fotografi fordelt på 12 motiv. Alt handprinta i mørkerom.

acp-from above

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Sommerfest på Radøy Kunstsenter

installasjonbw21. juni hadde BEK (Bergen Senter for Elektronisk Kunst)  og BKFH (Bildende Kunstneres Forening Hordaland) sommerfest på Radøy Kunstsenter.  I den anledning viste eg ein installasjon med to fotografi i lyskassar. Bileta er vist i feil retning (180 og 360 grader), noko eg har vore lysten på a arbeide med ei stund. Eg syns det er deilig å sjå fotografi på denne måten fordi nye former oppstår og auga må arbeide ekstra for å tolke det. Det var fint og litt morsomt å observere publikum, automatisk ville mange snu hovudet oppned for å sjå biletet rett.

vei Eg var spent på korleis boksane ville fungere i lyset. Eg passa på å plassere dei i skuggen for at lyset skulle synast på dagtid. Det viste seg å fungere veldig fint når lyset svann litt etter litt utover kvelden. Ei dame kommenterte at det var som at fotografia vart framkalla iløpet av kvelden. installasjonkveld

 

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Flagg på Kunsthall Stavanger

The Flag Project som vart vist på Performa 13 i New York i haust vert no vist på Stavanger Kunsthall. 53 flagg, eit kvar veke i heile 2014. Denne veka er det mitt som får lufte seg. Link.

Screen Shot 2014-07-01 at 15.01.54

 

PÅGÅANDE HENDING Eg vil flagge eit fotografi som seier noko om oss. Om samfunnet. Om eksistensen. Om einsemda me er dømt til. Om avmakta. Om alt som er på liksom. Om leikeverda. Med fuglar og ereksjon og tilbeding. Om det absurde og opplagte. Om det mørke og det uskuldige. Om alt me ikkje veit og alt me latar som me kan. Om livet. Om pusten. Om alfabetet. Om lovane me lagar. Og vegane me bygger. Om veggane me reiser. Om elefantane me sit på. Om skorne me pussar og hår som me klypper. Om å klappe. Om å gløyme. For å sjå. Hunden som klør. Om galskapen. Om villmarka. Om dei oppblåste ballongane. Om nålene som ligg klin i. Om meg.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

flis_sirkel2
Eg har alltid syns det er vakkert. Farmor hadde langt grått hår, og sjølv om eg syns ho likna ei heks dei få gongene eg såg ho med det utslått, og ikkje oppsett i ein ring på toppen, så var det noko høgtidleg ved det. Det har nok budd i meg sidan. Og då eg for nokre år tilbake såg ei kvinne på undergrunnen i Berlin med sirleg oppsett grått hår så slo det meg 1. Kor vakkert det var. 2. Kor sjeldan det var. 3. Kvifor?

 

IMG_2209IMG_2201

Saturated Grey er eit prosjekt eg har arbeidd med over dei to siste åra. Det handlar kort sagt om kvinner og grått hår, og alle føringar i samfunnet som me er så vane med at me ikkje ser. 1. februar var det opning på Galleri Giga på Stord. Det  var ei rørandes mengde fine mennesker som kom, og veldig kjekt at Jørund Fjøsne opna utstillinga med ein performance. Takk til Fritt Ord og Bergen Kommune for støtte!

IMG_1935   IMG_2271IMG_2228IMG_2214

Med instagram-blikk på prosessen:
Screen Shot 2014-03-20 at 11.42.21Screen Shot 2014-03-20 at 11.42.49Screen Shot 2014-03-20 at 11.44.02Screen Shot 2014-03-20 at 11.43.22Screen Shot 2014-03-20 at 11.44.26 Screen Shot 2014-03-20 at 11.45.25 Screen Shot 2014-03-20 at 11.44.45Screen Shot 2014-03-20 at 11.46.08Screen Shot 2014-03-20 at 11.46.45

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

A Compilation Project

 

acompilationproject-hkv

 

A Compilation Project er eit samarbeidsprosjekt mellom Nora Adwan og meg, der me utforskar forholdet til eigarskap, samt det improvisatoriske potensiale i fotografiet. Me starta med å gi kvarandre fri tilgang til eige arkiv. Å gi opp kontroll over materiale på den måten var ein interessant opplevelse. Nora kuraterte mitt materiale og eg kuraterte Nora sitt. Me jobba veldig tett i mørkerommet i denne prosessen, basterte oss på raske val og kort veg frå val til produksjon. Det skal seiast at dette i all hovudsak er eit analogt prosjekt. Kun dei største bileta vert printa digitalt. Fotografi er i sin natur tids- og prosessbasert. Det gjer at det i utgangspunktet ikkje er eit spesielt improvisasjonsvennleg medium. Me prøver i dette prosjektet å sjå om det likevel har eit potensiale til å bli arbeida med på ein meir intuitiv og akutt måte.

Første utstilling i dette pågåande prosjektet fann stad på Haugaland Kunstverk i Haugesund, november 2013. Det var spennande å sjå ei utstilling ta form etter denne arbeidsprosessen, og me vart overraska av kor samanhengande utstillinga var. Det var tydeleg eit resultat av metoden, at me begge hadde eigarskap i alle arbeida. Me vil fortsette dette prosjektet, og arbeider mot fleire utstillingar i framtida.

 

room3-2

room2

room1

Kommenter innlegget

mars 27, 2014 · 14:00

Bergen Art Book Fair

Denne veka vert Bergen Art Book Fair arrangert for første gong. Det skjer på Bergen Kjøtt  22.-24. november. Eg gler meg av mange grunnar, ein av dei er å sjå biletet mitt på årets totebag. Ein anna er at det vert vilt masse fine bøker og fanziner å sjå! Og så kjem god stemning og ikkje minst konsertar med mellom anna By the Waterhole og Stephan Meidell på toppen av det heile. Hei!

toat

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

FLAG NEW YORK CITY

flag-project

I 2012 var eg del av gruppeutstillinga FLAGG på Entrée. Ti kunstnarar vart då invitert av kurator Randi Grov Berger til å utforme kvar sitt flagg. Flagga vart hengt rundt om i byrommet, samt på visningsrommet Entrée. Sidan har Randi gjort dette igjen andre stader. No skal prosjektet visast i sin heilhet under Performa 13 i New York, med heile 60 flagg tilsaman.

Les om prosjektet på  heimesida til Performa 13 her,  eller Entrée si heimeside her.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

BLOKK Relay

peopleDei fem siste vekene har me hatt ein utstillings-stafett på atelierfelleskapet BLOKK. Me har blitt sett saman i tilfeldige grupper på tre og tre, og skapt utstillingar derfra. Ny opning kvar fredag. Eg hadde utstilling saman med Elin Brissman og Liv Slinning Degn. Det var vittig kor godt arbeida våre snakka saman, me koste oss både med prossessen og resultatet.

hjørne

dør

 

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

med_tekst

Endre Olsen & the Landmarks kom med ny plate i september, med mine bilete på coveret. Det syns eg er stas, for plata er strålandes. Bileta er tatt i Sibir på Olkhon Island i Lake Baikal.  Fysisk format såklart best, men vart du akutt nysgjerrig kan du kjøpe den digitalt her.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Musikkvideo

bilde 5-1

I slutten av august arbeidde eg med ein blomebukett av ein gjeng med å lage musikkvideo til låta The Clinche av Hanne Kolstø. Elisabeth Færøy Lund stod for idé og regi,  Åshild Kanstad Johnsen og Fredrik Rysjedal var teiknarar og Ben Speck og eg var fotografar. Elisabeth klypper filmen i Lofoten i denne stund, medan me andre trippar og gler oss her i Bergen.

elisabethben&me_bw

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Coffee-lable

onshelfe

Landmark på Bergen Kunsthall har eit samarbeid med Bergen Kaffibrenneri der dei inviterer kunstnarar til å dekorere etiketten periodevis. Dei siste tre månadane er det mine bilete som har prega Landmark-kaffien. Bileta er fotografert i ein liten landsby i Italia, men eit gammalt kamera som stod til pynt i huset eg budde i.


post pre

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Musikk video for Divisjonen!

Eg har laga musikk video for Divisjonen sin låt Sakte Film. Det er min fyrste musikkvideo. Eg syns det var vilt spennande å arbeide med portrett i det rammeverket. Videoen vart presentert på NRK P3 sine nettsider. Det var sjølvsagt deilig.  Sjå den best i HD!

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

WILD på Nobel Bopel

websnikkikkfamilepåvegg

Utstillinga WILD heng no på Nobel Bopel. Det er ein nydeleg liten café på Møllenpris i Bergen, som eg anbefalar alle å ta ein tur innom.  På fredag var det opning, og det var fint! Gylne menneske strøymde inn døra, og ei dugga rute er teiknet på god stemning.  Takk til alle som kom!
kvelden ute
Utstillinga står til midten av mai. Bileta er til salgs. Ta gjerne kontakt!

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Kvinneutstillinga 2013

kvinneutstillinga3
I anledning den internasjonale kvinnedagen vart eg invitert til Kvinneutstillinga 2013 i Stord Kunsthall. Eg viste eit av bileta frå det pågåande prosjektet mitt  Saturated grey/Saturert grå, som omhandlar tematikken kvinner og grått hår.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

no.5

landskapsmaskin

F L E E I N G  F R O M  A  F O X  A G A I N

bord2

smoke

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

HÅR no.9

dongeri-crop kopi

__________________________________________________________

vegg



Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

HÅR no.8

ring

Eg fortset å arbeide med kvinnene og det grå, mot utstillinga på Galleri Giga på Stord januar 2014. Like før nyttår fekk eg støtte fra Fritt Ord til prosjektet. Det var veldig kjekt! Dette er bilete frå session 8, fotografert i januar 2013.

indianer2 passbilde
bane

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

Ø Y O 1 3

IMG_8943 kopi
IMG_8887 kopi IMG_8995svk

ØYO er ein musikkfestival som arrangeres på Høgskulen Stord Haugesund, avd. Stord. Denne gongen på femte året. Det er også knytta opp mot eit seminar, årets tematikk var MUSIKK & POLITIKK.  Lene Tufteland og eg vart invitert til å arbeide med utforming av festivalområdet, både praktisk og estetisk. I og med at det vert arrangert på ein utdanningsinstutisjon, så låg den største utfordringa i å prøve å fjerne seg fra instutisjonen og gjere det til ein spennande stad estetisk og eit rom ein ynskja å vere i. I tillegg fekk me i oppgåve å lage eit festivalbibliotek, der publikum kunne finne musikkmagasin og bøker, så spesielt knytta opp mot musikk og politikk. Festivalen knytta seg òg opp mot Bergen Zines, og frå dei fekk me låne eit fantastisk utvalg fanziner som var tilgjengeleg for publikum. Nokre vart til og med laga spesielt for festivalen. Eg hadde ein del videoprojeksjon. Mellom anna delte me av heile ingangshallen (for å gjere det mindre og meir intimt) ved å heise opp  stillas-pressenning og projektere video bakfra på den. Ein slags videovegg. Ute hadde me ein stor projeksjon på ein vegg ved inngangen, som vart eit slags Øyo skilt. Utover kvelden vart det sjølvsagt ein perfekt åsstad for skuggeteater. Det var ei spennande oppgåve, og ei fryd å jobbe med Lene!

uteveggIMG_8938 kopiIMG_8959 kopi IMG_8934

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Lenge leve mørkerommet!

wild4 005

Fargemørkerommet er  eit utdøyandes rom i desse dagar, og eg tenker med lengsel på studiedagane då tilgjengelegheita var ubegrensa. Heldigvis finst det framleis eitt her i Bergen, på Kunshøgskulen. Det har eg muligheten til å leige meg inn, og det gjorde eg i forrige veke.  Det er mange år sidan sist eg verkeleg printa, og det var eit hjarteleg gjensyn. Det på tross av at maskina ikkje var heilt på lag med meg, og eg brukte to dagar på å akseptere at den ikkje ville printe så stort som eg ville. M y k j e  papir satte seg fast. Men då me inngjekk kompromiss gjekk det heile betre, og siste dagen var eg meir produktiv enn det eg visste var mogleg. Eg printar til ei utstilling som skal henge på Nobel Bopel. Åpningsdato er ikkje bestemt enda, men mot andre halvdel i mars ein gong.

mørkerom

Utstillinga heiter WILD, og omhandlar det framande, absurde, uvisse og ville. Både i oss menneske og i naturen.

wild3 002

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

Kvinner som klikkar på tåhev. Tittelvinnar.

Det er så mykje som flyr. Blad og posar og tankar og dagar og freidighet. Ein mann fortel på haugesundsdialekt om ein apekatt om bord på eit skip.  Fredrik på 34 likar best å ligge i fosterstilling. Eg har vore i krigen, and I haven’t quite left the battlefield. Fysioterapauten min seier det. You haven’t quite left the battlefield. Ute festar dei unge og heldige dumme. They haven’t quite reached the battlefield. Ei indisk dame utan bein susar forbi meg i ein elektrisk rullestol. Ho røyker. Ser rett fram. Tomt, og heroisk. She left the bettlefield a long time ago.

Ja. Brenn hol i dagen. Det gjer ingenting. Jo meir lys jo betre. Om leppestiften ikkje treff leppene nøyaktig gjer det ikkje noko det heller. Verden treng fleire klovnar. Det er underskot. Alle skulle veive meir med armane sine. Det kan vere bra med luft under vengene sjølv om ein ikkje lettar.

Eg går rundt med lommelykt og leitar etter balansepunkt. Mellom sterkt og svakt og ærleg. Torsken har radarar i øyra. Det finst dei som lagar smykke av dei.

Publisert i Zipperton Aveny Årgang 7.

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

By the Waterhole

svartkviteva

By the Waterhole er Eva Pfitzenmaier sitt soloprosjekt. I sommer tok eg promobilder av ho på eit nedlagt grendahus i Hardanger. Snart kjem debutplata hennar, men enn så lenge kan du sniklytte her.
 

evainlandscape1

 

2 kommentarar

Filed under Uncategorized

B-open på BLOKK

ImageEg har flytta inn i det nye atelierfelleskapet BLOKK. I helga var det B-open, og me hadde opent hus og utstilling i visningsrommet. Eg viste ein lyskasse som eg ein gong fekk bytta til meg på Ullevål Sjukehus. Der vart den brukt til å vise røntgenbilete på. No viser eg andre bilete på den, som òg prøver å sei noko om oss.

ImageImageImage

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

Image

ImageImage

KOPP22 er eit samarbeid med keramiker Renate Løvli. 6. september hadde me ei lansering på Marlene M i Bergen. God stemning! Takk til Nils Horn som spelte for oss!

ImageImageImageImage

2 kommentarar

Filed under Uncategorized

HÅR no. 7


ImageImage

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Videomaterial at Young Dreams-concert

Image

Young Dreams played at Bergenfest last weekend and Vj Birk used my material in the show. It was exiting to see it in such large scale, vj’d properly! Here’s a clip, I’m sorry about the crappy quality:

https://vimeo.com/44873721

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Shoot with Stine Janvin Motland

Image

 

//

 

ImageImage

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

SATURATED GREY

ImageImage

På klamt gras under grå himmel. Fuglane heng, fontena gir lufta vatn og dei som ikkje kan spele trekkspel håpar på å få ei krone for innsatsen likevel. I det usynlege kan kva som helst skje og i det usynlege skjer kva som helst.

Serien  handlar om spennet i det grå og alt som er lett å gløyme.

Sjå den på  FIN NETTMAGASIN.

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

ORNAMENT no. 6

Image

Image


Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

A Little Less Conversation #2

Image

Fine ting i København. Sjå digitalversjon her!

A Little Less Conversation #2: KORT.
Utgitt på forlaget Arkiv for Detaljer 18. november 2011.

Med bidrag fra:
Henrik Chulu
Caritas Fischer
Klara Sofie Ludvigsen
Ane Egebak
Hanne Hvattum
Erik Flarup
Katrine Lihn
Pia Eikaas
Lone Nikolajsen
Jacob Borges
Rikke Oberlin Flarup

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

F L A G G

Image

PÅGÅANDE HENDING Eg vil flagge eit fotografi som seier noko om oss. Om samfunnet. Om eksistensen. Om einsemda me er dømt til. Om avmakta. Om alt som er på liksom. Om leikeverda. Med fuglar og ereksjon og tilbeding. Om det absurde og opplagte. Om det mørke og det uskuldige. Om alt me ikkje veit og alt me latar som me kan. Om livet. Om pusten. Om alfabetet. Om lovane me lagar. Og vegane me bygger. Om veggane me reiser. Om elefantane me sit på. Om skorne me pussar og hår som me klypper. Om å klappe. Om å gløyme. For å sjå. Hunden som klør. Om galskapen. Om villmarka. Om dei oppblåste ballongane. Om nålene som ligg klin i. Om meg.

 

Image



Image

Frå opninga på Entrée.  Foto: Aslak Høyersten

Image

Artikkel i BT 24.03.12

2 kommentarar

Filed under Uncategorized

ORNAMENT no. 5


Image

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

ORNAMENT no.4

ImageImage

/

ImageImage

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

Ornamentet Farmor.

Image
Dette er farmor. Ho hadde det vakraste, lengste grå håret eg nokon gong har sett. Mytisk. Ho hadde det alltid oppsett. Tvinna rundt ein slags ring på toppen, som på bilete. Berre dei færraste såg det laust. Det var då det var mytisk – og litt skummelt. Eg hugsar fyrste gongen. Eg var heilt slått, sikkert 4-5 år gammal. Ho minna unekteleg litt om ei heks. Heilt stritt, nesten uendeleg langt og grått. Heldigvis var det snille, gode ansiktet det samme, så heilt skremt vart eg ikkje. Ein anna gong sykla eg ned til ho etter handballtrening, eg gjorde ofte det. Denne gongen tenkte eg ikkje over kva klokka var. Eg måtte ringe på fleire gonger, og tilslutt kom ho ut på verandaen ovanfor døra, i den lange nattkjolen, i skumringa, med det lange grå laust. Eg syns det var magisk! Ein gong eg var 14-15 stakk eg innom på veg til nokre vener. Eg gjekk rett inn, og rekna med å finne ho i stolen på kjøkkenet. Eg høyrte lydar frå badet, døra var open og eg gjekk inn. Der satt farmor på kne med det grå håret i ein raud stamp. Eg kjente ho ikkje igjen. Eg visste det var farmor, men eg hadde aldri sett ho slik. Visste ikkje at nakken hennar såg slik ut, så mager, med det flytande grå mot det raude. Ho var ikkje klar over at eg var der, og og eg visste godt at eg heller ikkje kunne gi ein lyd utan å gi ho eit hjarteatakk. Så eg fekk eit vakum der eg berre studerte ho. Eg vart slått av tanken om korleis eg egentleg ikkje veit korleis dei næraste rundt meg ser ut. Andre faktorar overstyrer det visuelle. Eg visste ikkje farmor såg slik ut, og eg vart klar over at eg heller ikkje visste korleis mor mi såg ut. Eller meg.
Eg skulle gitt mykje for å kunna fotografere farmor sitt hår. Men ho får istadenfor bli eit slags førebilete og guru for prosjektet! Eg skal legge ut fleire bilete av ho etterkvart som eg finn. 

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

ORNAMENT no.3

Image

Håret? Det er kronen det.

ImageImage

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Cakewalk

Image

Igår fekk eg plata til Cakewalk i henda. Mitt bilete. Alltid ei fryd!

 

2 kommentarar

Filed under Uncategorized

WILD – Ei skisse

Image

Image

Vist på PrøveRommet – KNIPSU 27. februar

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

Cover

Image

Sjekk denne fine plata eg fann på Apollon! Det er NILS HORN sin sin nye EP, ..Then She Saw Everything, med mitt bilete på. Eg lovar fin stemning om lar den snurre på spelaren din.

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

Image

Olaug and me. Post shoot.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

A meeting.

Image

 

 

I met this girl in Paris. Out of nowhere she popped up made a little change. Five minutes.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

no. 4

Image

Image

// olaug

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

OCHRE and BLUES

Image
Image

Mitt hjertebanksyndrom for fotografi slo rot då eit bilete var noko ein kunne holde i handa. 

Serien OCHRE AND BLUE vart publisert på FIN tidlegare denne månaden. Sjå den her.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Image

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Dei leitar etter noko. På den siste dagen i året. Med lommelykt. I mørket. I regnet. Året døyr ut. Og dei leitar etter noko.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Image
Kari og Hanne

2 kommentarar

Filed under Uncategorized

Image

2 kommentarar

Filed under Uncategorized

Image

Kommenter innlegget

desember 5, 2011 · 15:12

Image

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

ORNAMENT no.2

Image




Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

1+1=11 vol. 3

Image1+1=11 er i gang igjen, og i kveld viser me  arbeid på PrøveRommet METEOR på Logen Teater. Arrangementet byrjar kl. 19.30. Velkommen!

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

ORNAMENT no.1

Image

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

no. 3

 


Image

ImageImage// hakim

2 kommentarar

Filed under Uncategorized

Ein munk via livet sitt til å avle dronninger. Det er heilt sant.

Image

Plutselig sit eg i eit stove eg aldri har vore i før. Eg drikk kaffi og et eplekake med folk eg ikkje kjenner. Eg er på Milde, og skal gjere videoopptak på Søyland Bigard. Frå å ligge bakfull på sofaen og sjå på «My so called life» blir eg kasta ut her. Til ei verd som eg veit fint lite om. Eg likar egentlig ikkje honning, men det seier eg ikkje høgt. Det slår meg igjen kor mange slike lommer det er overalt. Ting som eg ikkje veit noko ting om, kan vere det viktigaste i eit anna menneske sitt liv. Språket til birøkter Alf Helge er heilt merkeleg, men han legg ikkje merke til det sjølv. Han fortel om ein munk som via livet sitt til å avle dronninger, og om elitekubar og om dronninggele vs. fattigmannskost. I min dagenderpå-tilstand vert det mykje absurd poesi ut av dette. Det er desse situsjonane som gjer at eg elskar yrket mitt. Kameraet er ei unnskulding og ein årsak til å hamne i framande fok sine stover. Ein søndagsettermiddag når eg ellers hadde lege på sofaen og sett Jordan Catalano lene seg mot skap, og Angela sei «in my humble opinion», er eg i ein skog, ved havet, og høyrer biene suse.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

no. 2

Image

Image

Image
//endre

 

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

no. 1

Image

Image 

Image

// randi

5 kommentarar

Filed under Uncategorized

Image

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

ROT

Image

I morgon viser Marit og Ingebjørg Loe Bjørnstad førestillinga ROT på Galleri 3.14 i Bergen. Eg har tatt biletet dei har brukt til promotering. Då me gjekk gjennom materialet etter fotograferinga, overraska dei meg ved å velge nettopp dette. Men eg elska det. Eg syns biletet er deilig ufint, eg blir glad når eg ser det. Ingebjørg og Marit er modige og nyskapande, og eg gler meg til førestillinga!

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Det handlar om å skrike. Om å få lungene magemusklane og stemmebandet til å jobbe saman mot eit mål. Om å få menneskers ansikt til å endre seg. Til å hate meg litt.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Fint rot.

Image

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

This is where she’s been:

 
ImagePh: Hanne Hvattum (ja, til og med ho var der!)

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Sjå på denne kvinna. Me har same namn.

Image

Image

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

HEADING OUT – MOVING CLOSER

Image

11. april viste eg eit videoarbeid på KNIPSU i Bergen. Arbeidet var basert på ein tanke om relativitet, og bestod av ein installasjon der tekst og bilete gjekk i kvar sin bane.

Image

Videoen vart projektert i loop, og teksten var fotografert med diasfilm og vart projektert på videoen ved hjelp av ein karusell. På den måten traff tekst og bilete kvarandre på stadig på nytt, og tolkingsgrunnlaget var dynamisk.

Image

Image

HEADING OUT – MOVING CLOSER

Sjå for deg dette:

Du ser feil i din eigen rutetabell.

Du blandar kvit og kvit.

To strekar skrått under svaret.

Statistikken seier du kan bli den neste.

Rytmen i eit forstørringsglas er den same som rytmen i hjarta hennar.

Ein dag skal eg ta røntgen av det og vise deg.

Ho vil lage ein sprettert av sitt eige skjelett. Ho vil legge auga sitt i ein strikken, og skyte deg.

Den biologiske klokka har snudd.

Sola fortsett å stå opp i sør.

Havet held på sin puls.

Og morilden må berre henge med.

Krabben er på tokt.

Lusa har blitt kasta ut på gangen igjen.

Eg vil heim til deg.

Auga kom i retur, og traff ho i hjarta.

Eg plasserte flyttelasset mitt i ubåten din. Du veit det ikkje.

Eg hatar evigheten.

Evigheten tar pusten min og puttar den i ei pepperkvern.

Knuser og strør den over havet.

Eg prøver å samle den opp igjen med kvite serviettar.

Ein redningsflåte tek ho vekk.

Den har ingenting med deg å gjere.

TEORI OG TVIL

TEORI OM TVIL

TVIL OM TEORI

TEORETISK TVIL

TVILSOM TEORI

Vedlikehald. Valg. Verkebyll.

Stetoskopet stiller ingen krav om gjensidig hengivenhet.

Sei meg,

Har eg svømt?

Har eg landa?

Har flyet letta?

Lekk fløyelsgardinene lys?

Pustar farmor?

Kan eg ete saltet som havet har forlate på båtsripa?

Kan lufthus forsikrast?

Kan ein ferjekai fjernast?

Kan dramatikken i ei barnetåre rekonstruerast?

Eg ser på mennesker, og det slår meg

at eg er òg ein attraksjon.


5 kommentarar

Filed under Uncategorized

Image

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

It’s up.


Image
A couple of weeks in Berlin , and I have finally got myself a webpage!  A simple overview of my work. More to come. Have a look at  www.klarasofie.com

2 kommentarar

Filed under Uncategorized

Barely there.

But there.

Najonalgalleriet 11.04.11.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Morning-window

ImageImageBlue and yellow.

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

Now I have an evidence of being close

Pointing.

Aiming.

Shooting.

Missing.

Again.

Image

Load, aim, pull the trigger, fire, reload – if you hit the bull’s eye, you commit photographic suicide, or visual hari-kari.

ImageSimone de Beauvoir and Jean-Paul Sarte shooting themselves.

«Shooting gallery» is a fairground attraction that emerged after World War I. Behind the target is the trigger of a camera, and if you hit it a photograph is taken of you in that very instant. This photograph is your prize. The exhibition SHOOT! at C/O Berlin is a broad presentation of the violent edge of photography. In the center of the exhibition there is a reconstruction of a real shooting gallery. I, like many before me, was temted to experience the absurdity of aiming at my self. A practical thought-experiment.

I missed. I didn’t get the souvenir. Which i really didn’t expect anyhow, and therefor had no idea of how (and this is unbarrasing) dissapointed I would be! By failing to shoot myself (!) I stumbled upon something I had almost forgotten: I have a history of being close.

My mother still talk with a complete lack of understanding of how i cried for being second. In her eyes there was no reason for crying – I was second best! For me, there were all the reasons in the world, I was almost there . again. A unique kind of disappointment: The loss of an opportunity.

The lady at the shooting gallery handed me the bull’s eye with no photograph. With a sad expression she said  I’m sorry. I replied, Well, now I have a evidence of being close. She gave me a strange look. I smiled and walked out.

Then i went to an old fashion photobox and paid 2 euros to have my portrait taken.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Image

I bought this from some kids yesterday, and I just love it!

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

This is where it hurts

Image

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Do you know if this train goes to Alexanderplatz?                                                                                                                     .

-Eh, I only know it’s going to the zoo.

Image

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

«Årets hittil kuleste coverdesign»

Image

I Bergens Tidene  16. mars. Mitt bilde. Eva Pfitzenmaiers design. Hurra!

4 kommentarar

Filed under Uncategorized

Image

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Image

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Image

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

Image

 


Eg har byrja stupe.

Eg er blå, kroppen verker, og hovudet er trykkforvirra.

Men eg er frydefull av fysisk poesi!

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

ImageVelkro’s new album with my artwork.

 

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

HVILKET DJUR no.1

Image

This is my first zine! A lot of the material is from

this blog. I’m not sure I’m a zine kind of person,

but it was a god experience anyhow. Maybe there will be

a HVILKET DJUR no.2 some day?


Image

Image

Image

Image

Image

Image

8 kommentarar

Filed under Uncategorized

«Å bygge rede (nesting)»

Image

I førre veke hadde Teateretaten si andre førestilling i triologien «Heim» på Nobel Bobel. Eg bidrog med fotografi som vart brukt som rekvisita i førestillinga, og med fuglekassen som du ser under.  «Å bygge rede (nesting)» med regissør Sara Bruteig Olsen var nydeleg, og det var så fint å vere del av den.  No skal eg heim og bruke jula på å bygge fleire fuglekassar. Gledeleg jul!




Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Fugleheim no.1

Image

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Image

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Image

Liv. Jævla liv. Jævla bankande hjarter. Blinkande auge. Og veksande bein. Jævla hår som må klyppast, ansikt som må sminkast og blærer som må tøymast. Jævla fråvær av kjærleik, nærvær av meiningsløyse og  overflod av relativitet.

Sa ho.

 

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

no. 5

Image

Bunny ears and spices. 






Éin kommentar

Filed under Uncategorized

Image

Éin kommentar

Filed under Uncategorized


Image

Installasjon frå Rørsle 2010, her vist på Prøverommet (BIKS Fensal) i mai.

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Videoworks

Dette er utsnitt av videoarbeid produsert i Vilnius i september. Der arbeidde eg med fotografi og video i scenekunstsamanheng, saman med 1+1=11 – Eva Pfitzenmaier (musikk), Marit Loe Bjørnstad (dans/koreografi) og Hanne Hvattum (tekst).

2 kommentarar

Filed under Uncategorized

I’ve been elsewhere

doing this:

Image

Image

Relativitet truar av og til min oksygentilførsel. Ting kan
alltid sjåast frå fleire sider. Veldig lite her i verden har
ei todimensjonal sanning. Slitsame greier. 

I sommar arbeidde eg med seks oljemåleri der eg måla ut i frå
to og to fotografi tatt i same situasjon, innan eit lite tidsrom.
Ei lita kløft i tid og perspektivgav stort utslag i korleis ein
kunne tolke motivet. Fotografia fann eg i ein pose etter mormor.
Det var dei bileta som aldri kom i albumet. Dei som idag hadde
vorte sletta før fysisk form. Sjølv likar eg best dei to øvste,
fordi det gir ein ekstra dynamikk med den mellommenneskelege
relasjonen. Eit anna tema som opptar meg. 

Eg var festivalkunstar for Phonofestivalen2010, og dette var
korleis eg valde å løyse oppgåva om å tolke temaet "Kløft".
Utstillinga hang på Kafé Knøderen i september.

Bilete frå prosessen i Vingespennet:

ImageImage
Image

Image


Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

«The universe is a big and lonely place.

We can do with all the neighbours we can get.»

Image

Det er mykje eg lurer på. Umåteleg mykje eg ikkje forstår. Og ein heil del eg har ein anelse om, men egentlig ikkje veit. Alt i alt er det skrekkeleg lite eg veit heilt sikkert. Og det gjeld alt. Eg tenker ein del på det å håpe (og når eg skriv det merkar eg at eg blir avstøta av banaliteten i ordet). På kor gudsforlatt me faktisk er i dette såkalla kosmoset. Når alt kjem til alt, kan me berre gjere så godt me kan, og håpe på det beste. Ganske stakkarslig.. Men når eg les Bill Brysons A Short History of Nearly Everything blir eg salig i kvar ei celle. Den får meg ikkje til å kjenne at eg veit meir, og ikkje til kjenne meg større. Tvert imot. Men det er uforskamma deilig å lese i vitenskapen det eg går rundt å kjenner på min uvitenskap.

………

Being you is not a gratifying experience at the atomic level. For all their devoted attention, your atoms don’t actually care about you – indeed, don’t even know that you are there.  They don’t even know that they are there. They are mindless particles, after all, and not even themselves alive. Yet somehow for the period of your existence they will answear to every single rigid impulse: to keep you you. – Bill Bryson

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

Image

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Vitenskap vs. uvitenskap

ImageImageImageImageImageImageImageImage

2 kommentarar

Filed under Uncategorized

2 kommentarar

Filed under Uncategorized

Image

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

When the air you breathe is like fermenting milk, you start dreaming of magnifying glass and air balloons.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

5459 F J E L B E R G

.. eit øysamfunn der ferja er hovedpulsåra, butikken er ryggmargen og kvart menneske eit livsviktig organ.

Image

Image

Image

Image

Image

Image

Image

Image

Image

Image

Image

Image

4 kommentarar

Filed under Uncategorized

Image

she

is

watching

everyone

heading

somewhere

 

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

A new set of photographs



Image

Image

Image

Image

Image

Image

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

Image

2 kommentarar

Filed under Uncategorized

Something is the new everything. (And nothing does not exist.)

Image

2 kommentarar

Filed under Uncategorized

Image

I

am

standing

by.

Like

the

video-player

says

when

I

turn

it

off.

My

left

foot

wants

to

dance.

My

right

one

needs

to

lie

down.

And

I

want

to

give

in

and

give

up,

but

I

still

give

a

fuck.

Let

us

forget

about

this

then.

Let

us

breathe

another

poem.

Let

us

skip

to

another

play.

Where

the

characters

are

singing

FUCK

ALL

in

a

calming,

comforting

tune.

And

let

us

stay

there

as

long

as

we

need.

And

sing

along

as

loud

as

we

need.

And

with

time,

let

us

hope

for

a

new

director.

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

Eva Pfitzenmaier har gitt meg lyd!

Eg har eit FULLFØRT-stempel som klagar fordi det ikkje blir nytta ofte nok. Både stempelet og eg hadde ei lykkestund då det endeleg vart brukt på denne filmen. Takk, Eva!

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

no.4

3 kommentarar

Filed under Uncategorized

Image

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

no.3

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

Image

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

no.2

Image

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

no.1

Image

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

Image
Ho tenker at så lenge bølgene er i rammene av eit basseng,
har ho berre kome halvvegs. Då hjelp det ikkje med 
orkan i kasta.

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

 

ferjevindu

 

Ho pustar,  og ho ser. To funksjonar. Ho forbannar sin eigen  pust. Ho forbannar kroppen sin motvilje til å sei takk for seg. Ho syns tida er inne, og er skuffa over at ikkje kroppen fylgjer opp. Kjenner seg forrådt.

Ho pustar. Og ho ser.

Er du trist?

– Ja.

Nærvær. Alt eg kan gi er nærvær. Eg beundrar handa hennar. Den 91 år gamle handa. Ho søkjer mi igjen. Alle steingardar er nede. Ho har ikkje motstand i seg.

-Når kjem mor di i heim?

Eg veit ikkje.       Saknar du ho?

– Ja.

Ho er deprimert. Vil ikkje ha kaffi.  Vil berre ligge. Eg har lyst å høyre kva ho tenkjer, men eg tør ikkje spør. Eg lurer på kva ho tenkjer om livet. Korleis ser hennar konklusjon ut? Hennar regnskap. Hennar oppgjer. Reflekterer ho over dette? Eg har alltid tenkt at alle gjer seg nokre oppsummerande tankar på slutten av songen, men det er kanskje ikkje slik. Eg får kjensla av at ho uansett er forbi dette stadiet.

Ventetid. Den mest uuthaldelege ventetid som finnes. I’m not worried about death. I’m worried about the preliminaries. Leonard Cohen fryktar ikkje døden, han fryktar innledninga. Dette er innleiinga . Cohen har grunn til å kvi seg.

Det er vondt å sjå andre ha det vondt.

Tredje gongen eg spør om ho kanskje kunne få lyst på kaffi om eg laga litt, kom det eit svar som likna meir på ja enn på nei. Med god tid kom ho seg i stolen, og med ho kom ein ny giv. Me kosa oss grymt. Delte kaka i mindre og mindre bitar til det ikkje lenger var meir igjen. Me var einige om at dette kunne me – kose oss med kaffien. Eg grein då eg kjørte derifrå.

Hjarta til mormor  hadde ein fysisk vilje som sinnet hennar ikkje forstod seg på. Om det var kroppen eller sinnet hennar som var ute av takt, er ein tanke som aldri får sitt etterfylgjande punktum. Godt var det i alle fall då dei fant kvarandre igjen.

4 kommentarar

Filed under Uncategorized

sterkmann

Hadde eg visst at nokon var forelska i meg på ungdomskulen
ville livet mitt sett heilt annleis ut.

2 kommentarar

Filed under Uncategorized

 tallestmanonearth023

               EG HAR EIN HEST I VINDAUGE.
Den galopperar over bøker, persille og kvite stearinlys.
Over appelsiner og tomme tankar. Over vannkaraflar
og rastlause hender. Gjennom sfærar me ikkje ser, men som
like fullt er rundt oss. Den tenkjer ikkje. Den ser.
Den ser kva som er i lufta. Me er så opptatt av å lesa
mellom linjene, men me gløymer å sjå kva som heng i lufta.
Der heng det karusellar av hemmelige tankar. Der dansar
morild-støvet i sitt heilt eige solsystem. Og der
kviler historiar som mest truleg aldri vil bli fortalt.
Men det gjer ingenting. For dei er der like fullt. 

I lufta.

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

FLY!

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

realiteten vekker meg aldri tidleg nok
men alltid for tidleg





Image

4 kommentarar

Filed under Uncategorized

Bilde 7
 Ganske ofte hengir eg meg til rotete tankar.
Eg lar dei hoppe, dukke, symje, spurte,
sige, krabbe, hinke, og stå heilt stille.
Det hender dei finn saman,
lagar ei klessnor seg imellom.
Med klypene blir det hengt opp nye bilder.
Av og til heng dei til dei er tørre.

Men stort sett bles dei vekk.

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

sometimes i feel

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

Video på luftetur

Eg har arbeidd ein del med video i året som har gått, men mangelfulle edb-kompetansen min har no dempa entusiasmen. Det er på tide å lufte nokre av dei nedstøva arbeida her. Det eg kjenner meg aller mest uferdig med er lyden. Eg har jevnt over brukt musikk som har fungert i ein arbeidsprosess, men den er for «belasta» for eit ferdig arbeid. Forslag og input tas imot med svært opne armar! Eg kunne tenkt meg å eksperimentere meir med lyd, men treng eit intensivkurs. Uansett, denne filmen er resultat av tre månadars absurd øy-liv, tidligere beskrevet under «Ein tilværelse har vært». Eg har stadig ein forkjærlighet for dei fine folka, den nasjonalromatiske naturen og det sjarmerande samfunnet. Det er nok ikkje siste gongen denne bloggen speidar i retning Fjelberg.

6 kommentarar

Filed under Uncategorized

Memento mori – nei, ikkje hugs at du skal dø, men HUGS AT DU VART FØDD

Då eg starta denne sida, var det med overskrifta UFERDIG ER DEN NYE FERDIG. Det skulle vere eit uhøgtidleg visningsrom for meg. No er det eit halvt år sidan siste blogpost, og med det kan eg vel konstantere at det sklei ut. No er det på  høg tid å ta ein slags omvendt momento mori. (Nokon som veit om det finnes eit uttrykk for dette?) Eg vil reinnføre denne bloggens hensikt, og eg begynner med eit bilde eg arbeider med. Sjølvsagt totalt uferdig, altså ferdig nok.

Bilde 20

Bilde 24

2 kommentarar

Filed under Uncategorized

The staircase is my town.

sjc3b8lvportrett1

For ei stund tilbake kom eg over fenomenet der ein har begrep på eit språk, i dette tilfellet fransk, som ikkje finnes på andre språk. Eg vart fortalt om l’esprit d’escalier, direkte oversatt: ”The spirit of the staircase».  Nydeleg i seg sjølv. Eigentleg betydning er ”Kjensla av å forlata ein samtale før alt er sagt”. Og dette er noko eg kjenner meg att i. Eg syns det er fantastisk vakkert at det finnes eit heilt eige uttrykk for akkurat dette. Det er ganske enkelt slik mitt liv utartar seg. Stadig noko usagt. Uansett kor mykje eg prøver å sei meir, jo lenger vekk kjem eg frå å bli forstått.

Min verden, mitt alt, er abstrakt. Det er ingen vei mellom alt og ingenting. Mellom å vere og å ikkje vere.  Det er den einaste sanninga eg har. Dette er konstant vanskelig for meg å forstå, og dermed ikkje mindre vanskeleg å formidle. Alt i meg er organisk. Flytande. I  forandring. Heile tida. Derav er ingenting bak meg som det er no, ingenting ferdig, nokon gong.  Eg er på veg opp ei trapp.  Alltid.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

The state of being

I den virituelle verden mange oppheld seg i for tida, gir ein medborgarar ei statusoppdatering på tilstanden i den verkelege verden. Frå dette perspektivet kan den verkelege verden sjå ut som ein finurleg stad.

stilllooking-copy1Amber is still looking.

iveimro Dinna veko jekk fort i øveimåro e da alt onsdag.

arm-copy Bjørn søker hi, han har lyst å sove vinteren forbi.

harlevdNina har levd i 9381 dagar.

vidar Magnus ser en stor røyksky.

stillbilde04-1 Birgitte synger med hester.

spa Tove vurderer å ta husvask.

(Facebook-statusar satt saman med videostills)

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Bill.mrk. Uregelmessighetar, takk!

Image

 

På denne vanlege dagen i Bergen  slår det meg at det er best å være på besøk. At det optimale ville vært å være på besøk heile tida. Tatt det beste frå kvar stad for å så reise vidare. Men så kjem eg på at det på at det på mange måtar er slik tilværelsen min har vært det siste halvåret. Konklusjonen er at det var ganske slitsomt. Å føle at ein aldri er heime. At at alle faktorar i livet er variablar. At ingenting står støtt.

Dermed; eg må ha ein heim for å ha det bra. Men korleis kan eg skape ein heim, ein heimstad, utan å få den grå kvardagen med på kjøpet? Eg krev mykje, eg er klar over det. Eg er ein overdådig romantikar utan rot i noko. Men kvifor i all verden skal ein ikkje kreve mykje? Eg syns verkeleg at folk flest krev altfor lite. Me lever her og no. Kvifor godta kvardagen? Ja, ein må ha mat, ein må overleve. Men for guds skyld. Litt magi på vegen, takk.

Poenget mitt er at  eg tilber uregelmessighetar. Nett no, i dette øyeblikk såg ei nydeleg gullveske. Dette var nok uforventa til at eg på ein elles grå, flat og uinspirert dag, kjente glimt av glede. Glimt av at verden ikkje er så staight likevel. Ei gullveske gav meg ei kjensle av frihet. Forunderleg og fint.

Så kva kan eg gjere med dette? Korleis kan eg tilpasse meg, finne min plass mellom krava mine og verden?Mellom blondegardinene og realiteten? Eg skjer brødet annleis frå dag til dag. Eg har ei gul topphue som gjer meg glad. Eg har ulik farge på sokkane, og smiler litt kvar gong eg ser ned. Eg velger mat/klær/ting eg ikkje likar, berre fordi variasjonen er viktigast. Ein ide om noko anna. Kjensla av uvanleghet.  Eg er utsulta på uhøgtidleghet. Eg higrar.

Eg er så avhengig av på bli påminna av at verden ikkje berre har eitt spor at det verkeleg er bekymringsverdig.

Eg meinar at livet kan være ein fest. Og eg er på ein evig, desperat jakt etter menneske av same oppfatning. Eg vil skape noko sublimt. Eg vil leve sublimt. Daglegdags sublimitet, er det noko? I så fall er det det eg vil ha, takk.

I dette augneblikket skjønar eg at eg er på rett stad. Til rett tid. Og eg elskar det! Bergen smiler til meg akkurat når eg treng det. På kafeen  her eg sitt å skriv, kjem plutseleg ei stemme på høgtalaren. Eg trur det er ho i ”Me and you and Everyone We Know”(Miranda July), men eg er ikkje sikker. Det er godt å høyre på. Det ristar meg, og alle andre på denne kafeen, ut av dei kjedelege tankane våre. Det kjem ei kvinne inn. Ho har ein enkel, vakker, blå kjøle på og ho sett seg ned ved eit bord. Eg kjem på at det er Oktoberdans her i Bergen, og skjønar at eg har ei danseforstilling i vente. Her, på kafeen, på ein onsdag ettermiddag, blir eg servert eit stykke nydeleg kunst. Plutseleg får eg akkurat det eg ber om. Tida står stille. Den leverer eit romantisk pusterom.  Og igjen elskar eg verden! Nothing grey about it.

2 kommentarar

Filed under Uncategorized

Ein tilværelse har vært

I tre månadar har eg budd på ei øy. Eg har skapt ein idyll. Levd ein idyll. Pusta idyll. Hengekøy inkludert. Eg har drømt om at idyllen skulle vare lenger enn den kunne. Latt meg sjølv drøyme om at blondegardinene var tjukkare enn dei eigentleg var. Men blondegardiner kan ikkje være tjukke. Det ligg i ei blondegardins natur å være transparent. Knapt eksisterande. Og du skal ikkje tukle med naturen har eg høyrt.

Men det var ikkje akutt herlighet på øya mi. Når ein er vant med å ha menneske rundt seg til alle tider, kan ein ende på randen av galskap av eit sånt eksperiment.

”Eg prøver å lære meg å være aleine. På laurdag utarta det seg sosial abstinens. Då drakk eg meg full. Det er lett å bli bekymra for folk som drikk aleine, og no blei eg bekymra for meg sjølv. Eg tenkte ”Fører dette til lett alkoholisme?”. No prøver eg å være aleine utan å drikke meg full. Det går fint. I dag har eg brodert i fem timar. Og så bestemte eg meg for å ha fisk til middag. Men eg måtte gå heim utan både fisk, fiskekrok og halve stanga mi. Den knakk eg rett nok sjølv. Tuppen fòr i det i eit kast. Eg tenkte det ville gi stor tilfredstilling å knekke stanga sidan den allerede var øydelagt Men den var laga av eit glasfiber liknande stoff, og min destruktive mentalitet straffa seg. ”

Image

Men det viste seg å komme fine ting ut av aleinetid. Tempoet senka seg. Og denne ukjente tida gav meg tankar eg ikkje hadde hatt før. Absurde ting dukka opp. Eg fant eit hus i skogen. Klisjeaktig forlatt. Men samstundes så fullt av liv. Ein gammal mann. Og ungdom på hemmelig fristad. To parallelle spor av eksistens. Flekker av nydeleg tapet på rosa maling, og ei seng med ei gammal tweed jakke på. I same rom, utan å kjenne til kverandre. Ein daud hjortekalv. Sprikande, flådd og blodig. Morbid og vakker. På ein gang. Morbid vakker. Ubekvem med min eigen reaksjon, klarte eg ikkje slutte å sjå. Følelsen av å være med på noko urisk, primitivt og historisk fekk meg til å gløyme å puste. Å sjå stoltheten i menna. Adrenalinet. Jaktar menn for å destillere kjensla av å være mann?

Tilbake til den raude ulltråden. Den som det skulle vært fleire av. Nok til å strikke eit kvart som kunne få meg til å gløyme at vinteren kom til Abelstova. At idyllen raste, og at blondegardinene sin natur ikkje var i min favør.

Begynnelsen på slutten er når du kjem heim og må støvsuge sengeteppet ditt for museskit. Det er då du tenker at ein by kanskje ikkje er så slitsom likevel. Og ein skiftar fokuset frå kor godt det er med ro, til kor kjedeleg det er å gå glipp av alt. Det var då eg begynte å drøyme meg vekk. Vekk til eit anna sjakkbrett. Der det er fleire kvite felt enn svart museskit.

Enkelte ville sagt at musa seira, og mest sannsynleg sto på barrikadane og veiva med flagga då eg drog. Men musa og meg inngjekk ein kontrakt den kvelden. Ein time-share kontrakt. På urnorsk vis. Når sommaren kjem skal hengekøya atter ein gong opp mellom trea, og eg vil nyte dei tynne blondegardinene i Abelstova.

2 kommentarar

Filed under Uncategorized

For fyrste gong var skuldera mi våt av far min sine tårer

”Enten er det skjedd  noko alvorleg. Eller så er han ute ein tur.”¨

Enten. Eller.

Død. Levande.

Ein av dei er det. Realiteten er bastant. Men me er på etterskudd. Sanninga har enda ikkje nådd oss.

Image

Eg kom inn. Eg såg at han låg der. Eit legeme. Han låg der. Min eventyrar. Mitt leksikon. Men der og då: berre eit legeme. Eg såg ikkje Onkel Jostein. Eg såg eit dødt menneske. ”Slik ser eit dødt menneske ut”, tenkte eg. Flogene surra. Han var blå i ansiktet, og brillene sat på enda.  ”Det er Onkel Jostein. Det er Onkel Jostein”, prøvde eg å tenke. Kun den rasjonelle delen av meg son skjønte det.  Eg kjente det ikkje fysisk.

Eg kjente lukta. ”Er det slik ein daud mann luktar?”. Men det var eimen av ein ungkars hus. Eg våga meg inn i stova. Eg hadde ikkje vært der på mange år. Det var eit sørgeleg syn. Plastikkposar over alt. Fat og skåler med matrestar. Buksa låg på golvet, trødd rett ut av. Men midt i alt det elendig kaoset: eit vakkert kaos. Rommet var overfylt med aviser! Til den dagen han døydde, var han framleis like nysjerrig på verda. Stadig like oppdatert. Far min sa med frukostbordet same morgon; ”Ein ting skal vera sagt; Han er meir oppdatert og med enn dei fleste av oss som ’oiar’ oss over han!”. Avisene var eit vidunderleg syn.

Stakkars gut, sa Tante Åshild. Gut. 66 år, men evig gut.

Korleis hadde du det eigentleg, Onkel Jostein? Kor einsam var du? Kor stor var lengselen din? Og kor stor var sorga di?

Etter kvart begynner eg å få glimt av realiteten i det som har skjedd. Onkel Jostein er død. Det var han som låg der. Min eventyrar, mitt leksikon, låg der. Eg blir uvel over min eigen evne til å distansere meg, til å gjere alt om til ei studie. Det levande minnet av Onkel Jostein begynner å koble seg opp med synet av han på golvet. Sokkane. Underbuksa. Den flammete huden på beina, og det blåe ansiktet. Det bølger skarpt i meg. Stikk av tristhet og sorg.

Ein er. Og så er ein ikkje. Det er dødens magi. Det endelege uendelege.

Når eg var liten pleidde far min å arrangere Seigemann-konkurranse. Det var om å gjer å strekke ein seigemann så lang som mulig. Ein strakk og ein drog.  Heile spenninga låg i uvissa om når den ville slite. Den hang saman, heilt til den ikkje gjorde det. Og når den sleit, var det over. Augeblikket før det skjedde kunne kjennast uendeleg, men likevel blei ein overraska når det skjedde.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

From Russia with love

Image

Image

Image

Image

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Eg fann min eigen puls på ei hytte ved havet

Image

Plutseleg når ein kjem heim til det kjente, er det blitt det ukjente. Det som før var sjølve definisjonen på trygghet, er blitt pirrande framant.  Sirkusets magiske duk blir trekt til sides, og du kjenner at no kan kva som helst skje. Eg kjenner meg leikande nervøs av å stå på neset å fiske. Eg kjenner barnleg spenning av å sjå krabbane komme fram frå gjøymeplassane sine for å sikre seg fiskesloet.  Til og med lukta av myggolja er eksotisk og ultra-nostalgisk. Eg kjenner lykken sitre av den putrande lyden av fisken  min på bålet. Eg nyter følelsen av kål og skit på fingrane. Havet gynger i takt med mine tankar. Alt eg kan høyre er lyden frå det fine kjøleskåpet. Den salte trøttheten godgjer seg, og eg gler meg til den gode hytte-søvnen. 

 

Min frihet

Eg kan ta på radioen. Eg kan opne døra. Eg kan puste djupt, og velge kva eg skal ha på skiva. Snart skal eg ta handkle med meg, tusle barfot ned mot sjøen, kjenne dei skarpe kantane frå berget under beina, kle av meg og svømme ut. Eg skal forbanne meg sjølv i eit splittsekund, før eg får pusten tilbake og kjenner kor godt det god-vonde er. Så skal eg legge meg på graset og bli solbrent.

 

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Neste stopp: Irkutsk!!

Image

 

17. mai her i Moskva enda med at me på rein impuls og spontan magefølelse kjøpte ein flybillett til Irkutsk. Om berre nokre timar er me på veg i retning Asia. Tenk å kunna fly i 5 1/2 time, krysse 5 tidssoner, og fortsatt være i det samme landet!? Russland er så absurd stort, og no er me på veg til å få ein følelse av det. Planen er å ta den transibirske jernbanen mot Moskva, stykkvis, og bu hos lokale folk langs vegen. Couchsurfing.com er vår nye venn. Det føles nesten som at det er no det eigentlege eventyret begynner! 

Tilværelsen er ganske absurd om dagen. Og eg trekker pusten djupt og nyt det!

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Eg har funne knappen på min venn Hassel!

 

Image

Det er kanskje ikkje ni rullar med gull, men jento» jobbe»! Bildene er fra 9. mai, Russlands nasjonaldag. Den mest absurde, og for ein fotograf: den mest FABELAKTIGE dagen tenkeleg. Eg har kjærlighetssorg for den dagen. Det var som å reise tilbake til ei tid som eg godt kunne tenke meg å være på besøk i litt lenger. Men så utslitt som eg og Hanne var når kvelden kom så veit eg ikkje kor lenge eg ville overlevd. Men RASTEPLASSRussland er på sin niende dag, og eg har funne knappen på min venn Hassel! Me har nok meir kjærlighetssorg i vente..

Éin kommentar

Filed under Uncategorized

Druedrama til frokost

Image

Ei drua meg her og ei drua meg der.

RASTEPLASSRussland er på sin åttande dag!

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Ett tango-trinns magiske melankoli

«Om jeg var 20 år yngere ville jeg reise til Buenos Aires og blive verdensmester i tango. Det er min nye passion. Jeg vil leve og ånde for tango.» Steffen 63

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Uferdig er den nye ferdig

Image

Eg har det så travelt. I livet. Det er lett å gløyme å puste. Eg skulle ønske at tida hadde to parallelle spor. Då kunne eg ha gjort både viktige og uviktige ting, samtidig. Eg trudde eg ikkje var stressa. Men eg er stressa i et gigantisk perspektiv. Frå heile livet heilt ned til kvart sekund. Så gigantsisk at eg ikkje får hovudet rundt det. Eg forlanger så altfor altfor mykje av kvart augneblikk.

Dette skal være eit pusterom. Eit uviktig pusterom, som blir viktig nettopp fordi det er uviktig. Eit testrom for min nye lov.

Uferdig er den nye ferdig.

2 kommentarar

Filed under Uncategorized