Alpakka er eit pattedyr med tjukk pels som liknar mykje på lama. Dei har klauver på føtene og har mykje til felles med kamel.
Alpakkaer blir haldne som husdyr for å få kjøt og ull. Dei lever i Sør-Amerika, men blir òg haldne som husdyr andre stader.
Alpakka er eit pattedyr med tjukk pels som liknar mykje på lama. Dei har klauver på føtene og har mykje til felles med kamel.
Alpakkaer blir haldne som husdyr for å få kjøt og ull. Dei lever i Sør-Amerika, men blir òg haldne som husdyr andre stader.
Alpakkaen veg mellom 50 og 70 kg. Dei er 1–1,5 meter høge frå bakken til toppen av ryggen. Ryggen er ganske rett. Beina er tynne og halen er kort. Alpakkaen har lang hals med lite hovud. Øyra står rett opp.
Pelsen er tjukk og lang. Han kan ha ulike fargar, frå nesten heilt kvit til svart. Brun er mest vanleg. Ulla frå alpakka blir brukt til å lage klede. Det er vanleg å klippe ulla annankvart år.
Det finst to typar alpakka. Dei heiter suri og huacaya og har litt ulik ull. Huacaya er mest vanleg.
Alpakkaen er i nær slekt med lamaen, som også er tam og kjem frå Sør-Amerika. Alpakka stammar frå ville dyr som heiter vikunja, som framleis finst i Sør-Amerika.
Bruken av alpakkaull har svært lange tradisjonar i Peru, heilt tilbake til Inkariket. Biletet viser ei peruansk kvinne i tradisjonell drakt som spinn alpakkaull på ein handtein.
Hoa er klar for paring når ho er 12–18 månader gamal, medan hannen er kjønnsmoden når han er 2–3 år. Hoa er drektig i litt under eit år. Ho føder ein unge som blir kalla cria. Han diar mora i 5–6 månader.
Alpakkaen lever vanlegvis i 15–20 år.
Alpakkaen vart temd allereie for 7000 år sidan. Begge typane av alpakka fanst då Inkariket vart kolonisert på 1500-talet.
Kolonistane frå Europa åt alpakkaer og ville heller ha ull frå sauer som dei tok med seg. Det førte til at alpakkaen vart truga av utrydding. På 1700-talet var det berre nokre få dyr igjen. Dei levde med urfolk i fjella.
På 1900-talet vart det starta opp ein stor produksjon av stoff laga av ull frå alpakka i Peru. Då vart det fleire alpakkaer òg.
I dag finst det igjen store flokkar med alpakkaer som blir gjette av urfolk i fjella.
Frå 1980-talet har alpakkaer blitt sende til andre delar av verda. I Noreg vart dei fyrste dyra innførte i 2005. Det er omtrent 6000 alpakkaer i Noreg no.