Park er eit område med grøne planter som ofte er dyrka. Ofte vil ein finne tre, gras, buskar og blomar i ein park. Dei fleste parkar er opne for alle.
Dei fleste parkar er laga for at folk skal kunne gå tur, slappe av og drive med leik og sport. Nokre gonger arbeider gartnarar med å lage, stelle og halde parkane ved like. Yrket deira er å jobbe med ulike typar planter.
Parkar har ofte stiar og sitteplassar. Nokre gonger er det skulpturar, statuar, fontener og leikeområde i parkane.