Private skular er skular som er eigde av nokre andre enn styresmaktene. Det er vanleg at det kostar pengar å gå på ein privat skule. I Noreg og mange andre land, er det gratis å gå på skular som styresmaktene eig. Desse blir kalla offentlege skular.
I Noreg er styresmaktene opptekne av at alle skal ha dei same moglegheitene til å få utdanning. Difor er det mindre vanleg med private skular i Noreg.
Nokre private skular får støtte frå staten for å kunne tilby undervisning, medan andre ikkje får det. Både grunnskular, vidaregåande skular og høgskular og universitet kan vere private.