Image

Hudområder som er mest utsatt for skabb. Kløen er ofte generell, også på hudområder der det ikkje er utslett. Dei såkalla skabbgangane er lettast å finne på hender og føter, og hos menn i tillegg på penis. Hovudet blir ikkje ramma av skabb.

Av /Store norske leksikon.
Image
Skabb gir sterk kløe.
Av .

Skabb er ein hudsjukdom som kjem av den smittsame parasitten skabbmidd. Den lever i øvste lag av huda og gir kløe og utslett. Kløen kan bli intens, spesielt om natta. Skabb blir ikkje borte utan behandling.

Faktaboks

Etymologi
av latin scabere, 'rive, klore'; det latinske navnet går tilbake til gresk sárx, 'kjøtt, legeme' og kóptō, 'kutte, slå, hugge, slakte'; midden er altså en 'kjøttskjæringsfnatt'
Også kjend som

scabiēs; fnatt

Årsak

Skabb som angrip menneske har det vitskaplege namnet Sarcoptes scabiei. Homidden er 0,3–0,5 millimeter lang, medan hannmidden er litt mindre. Den befrukta homidden grev gangar i hornlaget til overhuda (epidermis), legg 2–3 egg om dagen og lever i omtrent éin månad. Det er sjeldan meir enn 5–15 homidd på ein person som er smitta med skabb.

Førekomst

Førekomsten av skabb går i bølgjer. Den siste store førekomsten var på 1970-talet med ein topp i 1975. Då blei det meldt om meir enn 37 000 tilfelle i Noreg, svarande til rundt éin prosent av befolkninga. Etter dette gjekk tala ned.

Etter 1994 har ikkje skabb vore meldepliktig sjukdom i Noreg. Det er difor ingen sikre tal for førekomst. Tal på legekonsultasjonar med diagnosen skabb og sal av legemiddel mot skabb auka betydeleg i perioden 2013–2019, og tala er framleis høge.

Skabb finst endemisk i befolkninga. Det kan oppstå lokale epidemiar, til dømes på sjukeheimar og i barnehagar.

I utviklingsland er skabb eit stort helseproblem og blir av Verdshelseorganisasjonen (WHO) rekna som ein neglisjert tropesjukdom. Det å bu trangt, ha dårlege hygieniske forhold og dårleg tilgang til helsetenester gjer det vanskeleg å bli kvitt infeksjonen.

Smitte

Image
Skabbmidd i mikroskop.
Skabbmidd i mikroskop
Av .

Midden blir overført ved tett og gjerne gjenteken kontakt. I ein familie vil etter ei tid alle vere smitta. Smitten kan òg skje ved seksuell kontakt.

Symptom og teikn

Skabb gir kløe, som ofte er intens og mest uttalt etter leggjetid. Ein klør over heile kroppen, bortsett frå i hovudet. Kløen kjem av ein slags allergisk reaksjon på skabbmidden. Kløen kjem først nokre veker etter at ein er smitta. Dersom ein har hatt skabb tidlegare, kan kløen oppstå etter berre 1–3 dagar. Utslettet består av kloremerke, små nuppar og blemmer i huda.

Viss ein granskar handflater og sideflatene til fingrane, kan ein i mange tilfelle sjå skabbgangar. Dette er opptil éin centimeter lange, tynne, gråbrune strekar i overhuda. Ein kan kjenne dei som strengaktige fortjukkingar i overhuda. Midden sit i den eine enden av gangen og kjem til syne som eit mørkt punkt. Ved hjelp av ei nål kan ein isolere og påvise midden i eit mikroskop.

Skabbgangar kan òg finnast på føtene, på strekkesider av olbogane og på brystvortene. På penis kan det oppstå avlange kløande knutar. Dette er eit sikkert teikn på skabb. Hjå små born og immunsvekka personar kan ein òg finne skabbgangar i hårbotnen.

Langvarig skabbinfeksjon medfører fare for andre hudinfeksjonar, som ved manglande behandling kan medføre alvorlege komplikasjonar.

Diagnose

Den sterke kløen og utbreiinga av utslettet gjer at diagnosen blir mistenkt. Ein må undersøkje huda med godt lys og helst lupe eller dermatoskop for å finne skabbgangane. I enden av skabbgangen kan ein sjå ein mørk prikk forma som ein trekant. Dette er kroppen til skabbmidden. Ein kan isolere midden med ei tynn nål og påvise midden ved mikroskopi. Fastlegen kan vanlegvis stille diagnosen.

Behandling

Skabb må behandlast og kan vere vanskeleg å bli kvitt. Ein nyttar då ein krem eller eit liniment som drep midden (sjå skabbmiddel). Alle som kan vere smitta må behandlast, sjølv om dei ikkje klør. Dette inneber at alle i same husstand, og eventuelle partnarar til husstandsmedlemane som ikkje bur i huset, må behandlast samtidig. Alle skabbmiddel til lokal bruk må vere på huda i 24 timar før dei blir vaska av. Deretter må behandlinga gjentakast etter sju dagar.

Etter vellykka behandling vil kløen gradvis minke over eit par veker, i nokre tilfelle tek det endå lengre tid. Aukande kløe, etter ein periode med betring, er teikn på behandlingssvikt. Svikt i behandlinga er ikkje uvanleg.

Det er viktig og nødvendig å handtere skikkeleg alt dei smitta har vore i kontakt med. Det betyr vask av sengetøy og vask av klede på 60 °C. Tøy som ein ikkje kan vaske, bør ein leggje bort i plastposar i minst sju dagar eller fryse ned eit døgn på –18 °C. Sofa, madrass og liknande bør ein støvsuge.

Behandlingssvikt

Svikt i behandlinga er ikkje uvanleg. Det kan vere fleire årsaker til at behandlinga ikkje har effekt:

  • Skabbmidden kan ha utvikla toleranse eller resistens mot legemiddelet som er brukt slik at midden overlever.
  • Legemiddelet blir ikkje brukt slik som tilrådd: heile kroppen må bli smurd, behandlingstida skal vere 24 timar og ein må gjenta behandlinga etter sju dagar.
  • Ein kan bli smitta på nytt av ein i husstanden eller ein nærkontakt som ikkje har behandla seg eller ikkje har blitt kvitt skabbmidden.
  • Diagnosen kan vere feil, det kan vere andre årsaker til kløen.

I vanskelege tilfelle kan det vere nødvendig med ein tablettkur med ivermektin i kombinasjon med lokalbehandling.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg