Faktaboks

Alice Weidel

Alice Elisabeth Weidel

Fødd
6. februar 1979, Gütersloh, Nordrhein-Westfalen, Tyskland
Image
Alice Weidel
Av /NTB Scanpix.

Alice Weidel er ein tysk, høgrepopulistisk politikar for partiet Alternative für Deutschland (AfD). Ho er leiar av partiet frå 2022.

Bakgrunn

Weidel voks opp i småbyen Harsewinkel i delstaten Nordrhein-Westfalen. Ho studerte økonomi ved universitetet i Bayreuth og skreiv doktorgrad om pensjonssystemet i Kina. Ho var i fleire år analytikar for investeringsbanken Goldman Sachs. Sidan jobba ho for forsikringsselskapet Allianz og som uavhengig finansrådgjevar.

Ho er busett i Sveits og lever i partnerskap med ein kvinneleg sveitsisk filmregissør som er adoptert frå Sri Lanka. Paret har to barn.

Politisk karriere

Weidel melde seg inn i AfD i 2013 og vart aktiv i politikken på delstatsnivå i Baden-Württemberg. På landsmøtet i 2017 vart ho vald som partiets toppkandidat ved forbundsdagsvalet, saman med partiets viseformann Alexander Gauland. Same år vart ho partiets parlamentariske leiar, saman med Gauland. Ho er partileiar saman med Tino Chrupalla.

Standpunkt

Weidel høyrer til i den moderate delen av partiet AfD. Ho seier at ho ikkje vil at Tyskland skal gå ut av EU, men har tatt til orde for at Tyskland skal gå ut av eurosamarbeidet og ha ein eigen valuta som følgjer gullstandarden. Ho er ein erklært libertarianar og går blant anna inn for å fjerne skattarv og er imot minstelønn i arbeidslivet.

AfD som parti er for det dei kaller ein «tradisjonell familiestruktur», medan Weidel seier at ho ser partiet som ein garantist for homofiles rettar. Weidel var motstander av loven som gjer det mogleg for homofile å gifte seg i Tyskland. Ho har sagt at ho heller vil at registrerte partnarskap skal bli likestilt juridisk med ekteskap. Ho blir ofte konfrontert med partiets AfDs syn på homofile. Til dette har ho svart at dette er noko berre pressa er opptatt av, og at «mi seksuelle legning aldri har vore noko tema i partiet».

Weidel ønskjer forbod mot burka og nikab, og har også sagt at ho vil forby bruk av hijab på offentlege stader, blant anna fordi «hijab ikkje høyrer heime i Tyskland».

Kontroversar

Rett før forbundsdagsvalet i 2017 publiserte den tyske avisa Welt am Sonntag e-postar frå Weidel der ho omtaler romar og arabarar som «kulturframande folk» som «fløymer inn over oss». Weidel hevda først at e-postane var falske. Sidan innrømte ho at ho hadde skrive dei, men nekta for at ho tidlegare hadde benekta det.

I Forbundsdagen vekte det stor oppsikt og kraftige protestar frå dei andre partia då ho sa at den tysk økonomi og velferd ikkje kunne sikrast av «burka, jenter med hijab, støttemottakande knivmenn og andre døgeniktar».

Weidel har omtalt frigjeringa frå nazismen som eit «nederlag» for Tyskland. Utsegna vekte oppsikt fordi det ikkje er vanleg å omtale Hitler-Tysklands fall som eit nederlag, men som ei frigjering. I januar 2025 vart ho intervjua på Twitter av den amerikanske milliardæren og politikaren Elon Musk, der ho erklærte at ho var libertarianar og ho hevda også at Adolf Hitler slett ikkje hadde noko med ytre høgre å gjere, han var eigentleg sosialist.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg