Erling Sande er ein norsk politiker frå Senterpartiet. Han er stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane sidan 2021. Frå 2023 til 2025 var Sande kommunal- og distriksminister i regjeringa Støre. Han var også fast møtande vararepresentant i perioden 2005–2013 medan Liv Signe Navarsete var med i regjeringa.
Erling Sande
Faktaboks
- Fødd
- 8. november 1978, Bremanger, Sogn og Fjordane
Bakgrunn
Sande er fødd i Bremanger. Han gjekk på Firda vidaregåande skule i 1994–1997, Nordhordland folkehøgskole 1997–1998 og er utdanna cand.mag. med mellomfag i historie og samfunnsgeografi og grunnfag i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen i 2004.
Politisk karriere
Sande var leiar av Senterungdommen i Sogn og Fjordane i 1997–1999, Bergen Senterstudenter i 1999–2001 og varamedlem i sentralstyret til Senterungdommen i 2002–2003. Han var representant for Senterpartiet i Bremanger kommunestyre i 1999–2003, medlem av fylkestinget i Sogn og Fjordane i 1999–2003 og 2005–2007 og medlem av fylkesutvalet i 2003–2005.
Han var politisk rådgivar for Senterpartiet si stortingsgruppe i 2003–2005. Som fast møtende vararepresentant 2005–2013 var han 2009–2013 parlamentarisk nestleiar for Senterpartiet. På Stortinget var han leder av Energi- og miljøkomiteen fra 2009 til 2013. Sande stilte ikke til attval i 2013 eller 2017, men kom tilbake på Stortinget i 2021. Frå 2025 er han igjen parlamentarisk nestleiar.
Andre verv og engasjement
Sande var leiar av elevråda ved Firda vidaregåande skule i 1996–1997 og Nordhordland folkehøgskole i 1997–1998. Han var nestleiar i styret for Sogn og Fjordane teater i 2000–2004 og har hatt ei rekkje andre offentlege verv i heimfylket. Sande var styremedlem i Løvebakken mållag i 2009–2013, 2014–2016 var han styremedlem i Grønn Kontakt, og frå 2015 er han styremedlem i eSmart Systems. Frå 2013 til 2021 var han konserndirektør for strategi og utvikling i Sogn og Fjordane Energi (SFE).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.