Faktaboks

Henrik Asheim
Fødd
21. august 1983, Bærum
Image
Av /Høyre.
Lisens: CC BY NC 2.0

Henrik Asheim er ein norsk politikar for Høgre som er stortingsrepresentant for Akershus sidan 2013 og første nestleiar i Høgre frå 2022. Han var forskings- og høgare utdanningsminister i 2020–2021. Han har òg vore leiar i Unge Høgre i 2008–2012 og leiar av finanskomiteenStortinget i 2018–2020.

Bakgrunn

Henrik Asheim kjem frå Bærum og er utdanna i kommunikasjon og leiing ved Handelshøyskolen BI i 2012–2013.

Politisk karriere

Asheim var leiar av Bærum Unge Høgre i 2003–2004 og av Akershus Unge Høgre i 2005–2006. I 2006 vart han nestleiar i Unge Høgres landsforbund, og frå 2008 til 2012 var han leiar i Unge Høgre etter Torbjørn Røe Isaksen. I perioden 2007–2011 var Asheim medlem av Bærum kommunestyre og Akershus fylkesting.

Han var vararepresentant til Stortinget frå 2009 til 2013, og frå 2013 er Asheim stortingsrepresentant for Akershus. Han var leiar i finanskomiteen i 2018–2020.

Frå 15. september til 26. november 2017 var Asheim konstituert kunnskapsminister og vikar for statsråd Torbjørn Røe Isaksen, som hadde foreldrepermisjon.

Framstegspartiet gjekk ut av regjeringa Solberg 24. januar 2020, kom Asheim tilbake i Kunnskapsdepartementet som minister for forsking og høgare utdanning, ei stilling han hadde fram til regjeringsskiftet oktober 2021.

Andre verv

Frå 2012 til 2016 var Asheim leiar for styret i foreininga Sex og samfunn.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg