Klara er eit kvinnenamn som kjem av det latinske adjektivet clar-us/-a som tyder ‘klar; berømt’.
Klara (kvinnenamn)
Personar med namnet Klara
Kulturell bruk
- Klara Sang i «Over Ævne I» (1883) av Bjørnstjerne Bjørnson.
Kjende personar med namnet Klara
Eit utval personar med namnet Klara, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Klara av Assisi (1194–1253)
- Klara Elisabeth Johanson (1875–1948)
- Klara Semb (1884–1970)
Namnestatistikk
I 2022 var det 2 149 kvinner i Noreg som hadde Klara som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 93 jenter som fekk namnet Klara.
Utvikling i bruk av namnet
Klara høyrer til ei gruppe tostava namn på -a med to toppfasar, den fyrste rundt år 1900, og den andre rundt år 2000. Andre namn av denne typen er Anna, Laura, Emma, Selma og Ebba. Mellom desse to fasane, særleg i perioden 1955–1999, var tostava namn på -e meir populære, til dømes Bente, Tove, Hilde, Wenche, Hege, Hanne og Silje.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Klara var mest brukt i Østfold, Oppland og Bergen.
Klara var mest brukt i Østfold, Oppland og Bergen. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Clara.)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.