Rosfjorden er ein fjord i Lyngdal og Farsund kommunar i Vest-Agder, på vestsida av Austadhalvøya. Fjorden er rundt tolv kilometer lang. I fjordbotnen ligg Agnefest, tidlegare losseplass for Lyngdal og i si tid stoppestad for rutebåten mellom Kristiansand og Flekkefjord. I dag er det djupvasskai her. Den største øya i fjorden, Bærøy, ligg nesten ved innlaupet. Fjorden har mykje sumarturisme og like ved utlaupet ligg Korshavn.

Namnet

Fyrste ledd kjem av norrønt róðr, ’roing’.

Kart

Image
Rosfjorden
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg