Suldal er ein kommune i Rogaland. Kommunen ligger nordaust i Ryfylke og er den største kommunen i Rogaland etter areal.
Suldal grensar i nordvest til Vindafjord (Rogaland) og Etne (Vestland fylke), i nord til Sauda (Rogaland) på begge sider av Saudafjorden, i nordaust til Ullensvang (Vestland), i aust til Vinje (Telemark fylke) og Bykle (Agder) og i sør til Hjelmeland (Rogaland). I sjøen i sørvest grensar Suldal til Stavanger og Tysvær, begge i Rogaland.
Suldal kommune vart oppretta i 1838 ved innføringa av det lokale sjølvstyret ved formannskapslovane året før. Sauda vart skilt ut frå kommunen i 1842. Sidan hadde Suldal uendra grenser til 1965 då dei tidlegare kommunane Sand, Erfjord, Imsland sine område sør for Vindafjorden, og Jelsa (unnateke Buergårdene på Ombo, som vart overført til Hjelmeland), vart lagt til kommunen. Dei noverande grensene sine fekk Suldal i 1978 då Vormestrand-området nordvest på Ropeidhalvøya, med 13 innbyggjarar (før 1965 i Vikedal kommune), vart overført til Suldal frå Vindafjord.
Suldal er venskapskommune til Christiansfeld i Danmark og Pöytis i Finland.
Kommentarar (1)
skreiv Olav Veka
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.