Korrosjon er oppløysing av metalliske materialer (metall og legeringar), og kjem av spontane elektrokjemiske reaksjonar. Rust er eit folkeleg namn på produktet av korrosjon av jern.
Veldig få metall finst i rein form i naturen. Korrosjon skjer ofte fordi det er gunstig energimessig at metall blir løyste opp og dannar meir stabile samband, i form av til dømes oksid eller hydroksid. Det er altså ein tendens til at fabrikkerte materialer går tilbake til den opphavlege tilstanden sin slik dei finst i naturen. Korrosjon er fortrinnsvis knytt til metalliske materialer; reine metall og legeringar. Andre materialer, som keramer, kan òg løysast opp utan at det går føre seg elektrokjemiske reaksjonar.
Mekaniske faktorar som løyser opp materialer, blir ikkje rekna som korrosjon, men mekanisk påverking kan gje opphav til spesielle korrosjonsformer, som til dømes spaningskorrosjon.
Korrosjon har store økonomiske konsekvensar i moderne samfunn. Det er difor viktig å nytte gode metodar for korrosjonsvern og korrosjonsovervaking saman med fornuftige val av materialer.
Kommentarar (1)
skreiv Gard Orvik Nilssen
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.