Hopp til innhald

Lensk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lensk
Ленск
by
Image
Land Image Russland
Føderasjonssubjekt Sakha
Areal 49 km²
Folketal 21 181 (2023)[1]
Først nemnt i 1663
   Bystatus 1963
Retningsnummer +7 41137
Kart
Lensk
60°43′00″N 114°54′00″E / 60.716666666667°N 114.9°E / 60.716666666667; 114.9
Wikimedia Commons: Lensk

Lensk (russisk Ленск) er ein by i Republikken Sakha i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Lena, rundt 800 km vest for Jakutsk.

Den opphavlege busetnaden vart første gong nemnt i 1663 i eit område kjend som Muhtuj og vart derfor kalla Mukhtuja. På 1800- og 1900-talet var byen ein stad for politisk eksil.

Byen opplevde ein periode med rask vekst på 1900-talet etter oppdaginga og utbygginga av diamantførekomstar i Viljuj-bekkenet. Han fekk bystatus og namnet vart endra til Lensk i 1963.

I 2001 førte ein ispropp i Lena til at så godt som heile vart byen oversvømd og dei fleste bygningane vart øydelagde. Denne katastrofen kunne ha vore forhindra om ein hadde sprengt bort isproppen, men dei lokale myndigheitene hadde ikkje pengar til å kjøpa naudsynt sprengstoff[2]. Byen vart bygd opp igjen.

Vêrdata for Lensk
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C −24,8 −18,5 −7,2 3,2 12,8 22,1 24,6 20,8 11,1 −0,9 −15,2 −23,9 0,3
Døgnmiddeltemperatur °C −28,8 −24,1 −14,6 −3,5 6,4 14,8 17,8 14,4 6,2 −4,8 −19,5 −28 −5,3
Gjennomsnittleg min °C −32,9 −29,6 −21,9 −10,3 0 7,4 11,1 8 1,2 −8,7 −23,8 −32,1 −11
Gjennomsnittleg nedbør mm 19,6 14,8 13,9 17,3 30,1 46,4 62,3 62 44,4 35,9 30,8 22 399,5
Kjelde: Ленск погода

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Image Commons har multimedium som gjeld: Lensk