OneWeb er eit underselskap av Eutelsat som driv ei satellittbasert kommunikasjonsteneste ved hjelp av ein (liten) megakonstellasjon av kommunikasjonssatellittar. I juli 2022 fusjonerte det opprinnelege selskapet OneWeb med det franske satellittkommunikasjonsselskapet Eutelsat, og namnet er no Eutelsat OneWeb.

Faktaboks

Også kjend som

Eutelsat OneWeb

Selskapet har skote knapt 700 satellittar fordelt i 12 nær polare baneplan i låg jordbane, omtrent 1200 kilometer over jorda.

Tenester

OneWeb tilbyr datatrafikk, først og fremst til brukarar i USA og Europa. Ei global dekning treng også eit godt utbygd nettverk av bakkestasjonar for å få fullført datanettverket. Tenestene blir gjerne nytta for maritime brukarar eller brukarar i område utan dekning frå andre typar nettverk.

Utfordringar og kontroversar

Dei første oppskytingane til OneWeb vart gjennomførte av det russiske selskapet Roscosmos med Soyuz-rakettar frå ulike oppskytingsbasar. Fram til invasjonen av Ukraina i 2022 var dette kommersiellt og uproblematisk, men våren 2022 stod ei last med Oneweb-satellittar klare til oppskyting frå basen Baikonur i Kazakstan. Etter invasjonen kravde britiske myndigheiter at oppskytinga måtte avlysast av politiske grunnar. Det førte til at satellittane aldri kom i bane, og rett og slett gjekk tapt for OneWeb, sidan dei heller ikkje kunne fraktast tilbake.

Satellittane til OneWeb er plasserte ut i ei mykje høgare bane enn til dømes Starlink-satellittane til SpaceX. Dette fører til at satellittane ikkje fell tilbake til jorda viss dei sluttar å fungere. Det kan utgjere ein risiko og bidra til meir romskrot. OneWeb har utstyrt satellittane med tilkoblingspunkt slik at dei kan bli fjerna aktivt frå bane, men slik teknologi er enno ikkje utbreidd og kommersielt tilgjengeleg.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg