Megakonstellasjon er eit ord brukt om samlingar av svært mange satellittar, frå fleire hundre til fleire titals tusen som vert brukte til å levere ei felles teneste. Dei fleste megakonstellasjonar i drift eller under planlegging består av kommunikasjonssatellittar. Hovudformålet er å tilby internett og andre kommunikasjonstenester over heile Jorda, også der ein ikkje har dekning frå bakkebaserte system.
megakonstellasjon
Døme
Per 2025 er SpaceX Starlink og Eutelsat OneWeb i drift, og system som Telesat og Amazon Leo (tidlegare Project Kuiper) i utprøvingsfase eller tidleg drift. Starlink består (per desember 2025) av rundt 7600 satellittar i ulike baneplan med ulike inklinasjonar (ekvatorvinkel) i om lag 550 kilometers banehøgd.
SpaceX har planar om over 30 000 satellittar. OneWeb-konstellasjonen er fullført med over 600 satellittar i 1200 kilometers banehøgd. Starlink har operasjon over det meste av verda, og har sidan hausten 2022 opna opp nettverket for bruk over heile Noreg. Tilgangen vart opna gradvis, først i dei sørlege områda. Det er no fleire satellittar i polare baner, og heile det norske området er dermed dekka og aktivert.
Kritikk og utfordringar
Det store talet på satellittar som megakonstellasjonane inneheld, fører med seg nokre ulemper. Den eine er problemet med romsøppel. Det vert rett og slett så mange satellittar at faren for kollisjonar med andre satellittar aukar. Til ei viss grad kan dette motverkast ved at satellittane vert plasserte ut i ganske låge baner, slik at dei fell inn i atmosfæren og brenn opp i løpet av få år.
Dette har vorte eit tema med behov for meir forsking. Når desse satellittane brenn opp i atmosfæren, tilfører dei ei relativt stor masse med metall som normalt sett ikkje finst så mykje av i atmosfæren frå før. Til dømes aluminium, litium og andre metall. Kva påverknad dette har på atmosfæren er per i dag ukjent, og ein ynskjer mellom anna å finne ut om dette kan skade ozonlaget.
- Les meir om romsøppel
Ei anna utfordring som spesielt Starlink har fått, er at satellittane ofte reflekterer sollyset, og dermed er godt synlege på stjernehimmelen. Både profesjonelle astronomar og hobbyastronomar som driv med fotografering av verdsrommet har kritisert SpaceX for å drive med ureining av himmelen, sidan satellittane dukkar opp som striper i bilete som er teke med lang eksponeringstid. For å motverke dette har SpaceX forsøkt å endre overflata på satellittane til å vere mindre reflekterande.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.